Lus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lus


Hovudlus (Pediculus humanus var. capitis)
Hovudlus (Pediculus humanus var. capitis)

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Arthropoda
Klasse: Insecta
Underklasse: Pterygota
Infraklasse: Neoptera
Orden: Anoplura
Underinndelingar
  • Støvlus (Psocoptera)
    Pels- og fjørlus (Phthiraptera)
  • Vitskapleg namn
    Anoplura

    Lus er ein insektorden med det vitskapleg namnet Anoplura (tidlegare Siphunculata) som er kjend for å setja seg fast på og suga blod frå ulike dyr. Omgepet «lus» blir også brukt om andre smådyr, som bladlus og veggelus, og andre småting som kan minna om dei, som strikka lus eller lus på segl.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Lus er vingelause insekt på 0,35 til 6,5 mm. Dei er spesialiserte parasittar som lever av blod eller andre delar av ulike pattedyr. Beina er gode til å klamra seg fast med, og har ei kraftig klo ytst. Munnane inneheld stikke- og sugedelar som kan trekkjast inn i hovudet når dei ikkje er i bruk. Dyra har anten svakt utvikla eller manglar fasettauge.

    Lus har seig, lêraktig hud. Dyr som lever på havpattedyr har skjel eller piggar på kroppen som gjev dei ei luftblære når vertsdyret dykkar.

    Levesett[endre | endre wikiteksten]

    Lus kan leva på dei fleste pattedyr. To artar er tilpassa menneske: Menneskelus (hovudlus eller kroppslus) og flatlus, som lever rundt kjønnsorgana. Sellus (Echinophthirius horridus) går på ringsel og steinkobbe og Antarctophthirius trichechi lever på kvalross.

    Pedikulosis er den medisinske nemninga på at eit menneske har lus.

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.