Ringsel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ringsel

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Ringsel
Ringsel

Foto: Lee Cooper

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Dyr
Rekkje: Ryggstrengdyr
Underrekkje: Virveldyr
Klasse: Pattedyr
Orden: Rovpattedyr
Underorden: Caniformia
Familie: Selfamilien
Slekt: Pusa
Art: P. hispida
Vitskapleg namn
Pusa hispida

Ringsel eller snadd, Pusa hispida eller Phoca hispida, er ein sel som lever i arktiske og subarktiske strøk, sørover til norskekysten. Streifdyr kan vandra sør til Portugal, New Jersey og California. Han er òg påtruffen nær Nordpolen. Det finst òg ringsel i Bottenvika, i Ladogasjøen og i Saimen. Ringselen er om lag 115-136 cm lang og veg 40-65 kilo. Dei et små fisk og skaldyr og kan leva i opptil 50 år. Ringsel har vore ein viktig del av kosthaldet for arktiske folkeslag sidan det kom menneske til området og det vert framleis fanga titusenvis av ringsel i året i Grønland og Canada. I Bottenvika, Ladogasjøen og Saimen er ringselen freda.[1] Folk som har avlagt jegerprøve og storviltprøve kan jakta på ringsel på Svalbard utanom naturreservat i jakttida.[2]

Utbreiingsområdet til ringselen

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
  2. Sysselmannen på Svalbard

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ringsel