Lysimakhíasjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lysimakhíasjøen
innsjø
Region Etoloakarnanía
Lengd 17 km km
Breidd 2 km km
Areal 13 2 km² km²
Koordinatar 38°34′N 21°22′EKoordinatar: 38°34′N 21°22′E
Byar Agrínio

Lysmakhíasjøen (gresk Λίμνη Λυσιμαχίας, Límni Lysimakhías), òg kalla Lisimakhiasjøen, Lysimahiasjøen eller Lisimahiasjøen er ein innsjø vest for Agrínio. Elva Akhelóos rann tidlegare ut i innsjøen, men via eit kunstig løp renn ho no aust for innsjøen. Lysmakhíasjøen har eit areal på 13,2 km², han er 17 km lang og har eit djup på om lag 9 meter. Aust for innsjøen ligg ein annan innsjø på Den store etoliske sletta, Trikhonídasjøen, som har eit rikt økosystem. Frå innsjøen kan ein sjå byen Agrínio i nordaust.

I eldre tider var desse to innsjøane ein innsjø. Vatnet frå innsjøen renn ut i elva Dímikos og vidare ut i Akhelóos. Den næraste innsjøen er Ozeróssjøen i sør.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Lake Lysimachia frå Engelsk Wikipedia, som igjen er ei omsetjing av den greske utgåva av artikkelen.