Agrínio
Agrínio Lokalt namn Αγρίνιο | |
---|---|
![]() Utsyn over Agrínio | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Sentral-Hellas |
Koordinatar | Koordinatar: |
Areal | 1 246,7 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Vest-Hellas Etoloakarnanía |
Hovudsete | Agrínio (46 899 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 94 181 (2011[1]) |
Folketettleik | 76,6 /km² |
Agrínio (gresk Αγρίνιο, eldre form Agrinion, latinsk Agrinium) er ein kommune og ein by i periferieininga Etoloakarnanía i Vest-Hellas i Hellas, den største byen i periferieininga.
Busetnaden i Agrínio går tilbake til antikken. Antikkens Agrínio låg 3 km nordaust for dagens by. Nokre murar og grunnmurar er grave ut i nyare tid. I mellomalderen og fram til 1925 vart området kalla Vrakhóri (Βραχώρι).
Store delar av innbyggjarane var ei stund tobakksbønder på slutten av 1800-talet og på byrjinga av 1900-talet.
Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
Dei ti tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 94 181 innbyggjarar, medan kommunaleininga Agrínio hadde 59 329 og tettstaden med same namn 46 899 innbyggjarar.[1]
Historie[endre | endre wikiteksten]
I følgje gresk mytologi vart byen bygd av kong Agrios, Thestievs sin son. Han vart øydelagd av Kassander i 314 fvt.
I perioden under Det osmanske riket var området stort sett busett av tyrkarar. I 1585 vart byen forlaten under opprøret til Theodoros Migas. På byrjinga av 1700-talet vart han administrativt senter for Etoloakarnanía (då som eit sanjak kalla Karleli). Byen var delaktig i den greske sjølvstendekrigen. Han vart mellombels frigjort 11. juni 1821 og vart ein permanent del av Hellas i 1830 etter Konstantinopeltrakataten.
Under den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922 kom mange innbyggjarar frå Vesleasia til byen.
Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[1] |
---|---|---|
Agrínio | Agrínio | 46 899 |
Ájos Konstandínos | Agrínio | 6 534 |
Panetólio | Thestiís | 2 935 |
Kenoúrjo | Thestiís | 2 790 |
Lepenoú | Strátos | 2 090 |
Dokími | Agrínio | 1 664 |
Triandéika | Neápoli | 1 484 |
Neápoli | Neápoli | 1 442 |
Megáli Khóra | Neápoli | 1 408 |
Mataránga | Arákynthos | 1 344 |
Angelókastro | Angelókastro | 1 220 |
Paravóla | Paravóla | 1 118 |
Pappadátes | Arákynthos | 1 077 |
Gavaloú | Makrynía | 1 018 |
Strátos | Strátos | 979 |
Kalývia | Agrínio | 965 |
Grammatikoú | Arákynthos | 802 |
Zevgaráki | Arákynthos | 781 |
Néa Avórani | Thestiís | 751 |
Kamaroúla | Agrínio | 595 |
Káto Makrinoú | Makrynía | 580 |
Ájos Andréas | Makrynía | 574 |
Spoláita | Neápoli | 548 |
Pandanássa | Paravóla | 531 |
Ókhthia | Strátos | 506 |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Agrinio» frå Wikipedia på engelsk, den 21. september 2007.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2011, revidert
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023