Luminans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Luminans er den lysstyrken som eit lite flateelement av overflata til ei lyskjelde har når ein ser flateelementet frå ei viss retning, dividert med den tilsynelatande storleiken av flateelementet når det vert sett frå den same retninga. For ein lekam som stråler i samsvar med Lamberts cosinuslov, er luminansen den same i alle retningar.

Luminans vert òg kalla lystettleik.

Definisjon[endre | endre wikiteksten]

Luminans er definert[1] av derivasjonen

L_\mathrm{v} = \frac{\mathrm{d}^2 \Phi_\mathrm{v}}{\mathrm{d}A\,\mathrm{d}{\Omega} \cos \theta}

der

L_\mathrm{v} er luminans (cd/m2),
\Phi_\mathrm{v} er lysstraum eller lysfluks (lm),
\theta\, er vinkelen mellom flatenormalen og den spesifiserte retninga
A er arealet til flata (m2), og
\Omega\, er romvinkelen (sr).

Uttrykket er skriven med Leibniz-notasjon.

Einingar[endre | endre wikiteksten]

SI-eininga for luminans er candela/m² (cd/m²), som òg har vorte kalla nit. Andre eininga som har vore nytta er stilb (a) = cd/cm², ²apostilb (asb) = 1/π cd/m², lambert = 1/π cd/cm² og foot-lambert = 1/π cd/ft² = 3,426 cd/m2.

Luminans i fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

Ved ei analog fjernsynssending vert alle detaljar i fjernsynsbiletet overført ved hjelp av luminanssignalet, som inneheld svart/kvit-informasjonen. Eventuelle fargar vert overført ved hjelp av eit tilleggssignal, krominanssignalet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Chaves, Julio (2008). "Introduction to Nonimaging Optics". Optical Science and Engineering. 134. CRC Press. s. 449. ISBN 9781420054293.