Dinitrogenoksid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lystgass)
Dinitrogenoksid
Synonym: Lystgass
Nettoformel: N2O
Farge: Fargelaus gass
Fysiske eigenskapar
Molvekt 44,0128 g/mol
Tetthet 1,977 kg/m3 (101,325 kPa)
Smeltepunkt: -90,8 ° C (101,325 kPa)
Kokepunkt: -88,5 ° C (101,325 kPa)

Dinitrogenoksid (N2O) eller lystgass er ved romtemperatur og atmosfærisk trykk ein fargelaus, ikkje-brennbar gass med ein behageleg, lett søtleg lukt. Gassen har fått namnet «lystgass» på grunn av måten av påverkar menneske som inhalerer han, og av same grunn vert han bruka som bedøvingsmiddel, både av tannlegar og jordmødrer.

Teknisk bruk[endre | endre wikiteksten]

Dinitrogenoksid brukast som

  • bedøvingsmiddel
  • drivgass til næringsmiddel på sprayflaske, for eksempel fløytekrem
  • oksideringsmiddel for stempelmotorar: Dinitrogenoksid leverer meir oksygen til forbrenninga pr. volumeining enn atmosfærisk luft.
  • vernande atmosfære i potetgullposar.

Verknad på kroppen[endre | endre wikiteksten]

Innanding av lystgass gjer at menneske kjenner mindre smerte. Gassen kan òg gje årsak til eufori, svimling og i somme tilfelle ei svakt afrodisisk verknad. Store dosar over kort tid kan føre til mild kvalme eller varig svimmelheit. Gassen i seg sjølv er ikkje giftig, men han kan fortrenge oksygenet i innandingslufta og dermed føre til kveling.
Lang tids bruk i store mengder er forbunde med symptomer som minner om mangel på B12-vitamin; blodmangel og skader på nervesystemet. Mange merkar òg lattergass på høyrsla, slik at all lyd ei kort stund høyrest metallisk ut.

Dinitrogenoksid som rusmiddel[endre | endre wikiteksten]

Det finst døme på misbruk av dinitrogenoksid som eit rusmiddel, noko som er årsak til at gassen vert fasa ut til fordel for andre bedøvingsmiddel. I ca. 30 statar i USA er det forbode å bruke dinitrogenoksid.

Lystgass som drivhusgass[endre | endre wikiteksten]

Globalt er lystgass den tredje viktigaste naturlege klimagassen ved sidan av CO2 og metan. Konsentrasjonen av lystgass i atmosfæren har auka med ca. 18 prosent sidan 1750.

Den viktigaste kjelda til naturleg lystgass er mikrobiologisk aktivitet i jordsmonnet som omdannar ulike nitrogensamanbindingar til lystgass. Landbruksverksemd aukar tilførselen nitrogenhaldig mineralgjødsel og husdyrgjødsel til jorda, slik at det vert danna meir lystgass.

Utsleppa av lystgass frå vegtrafikken aukar, sidan lystgass mellom anna vert danna som eit biprodukt i avgass-katalysatorar. I Noreg bidrog lystgass med ni prosent av det samla klimagassutsleppet i 2005. Omtrent 44 prosent av utsleppet kjem frå landbruk og 41 prosent frå mineralgjødselproduksjon.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Dinitrogenoksid vart oppdaga i 1772 av Joseph Priestley, og i 1790-åra eksperimenterte Humphry Davy saman med nokre venner (deriblant poetane Samuel Taylor Coleridge og Robert Southey) med å inhalere gassen. Dei oppdaga fort at dinitrogenoksidet verka sløvande på smertesansen utan at personen heilt mista medvitet, og sidan vart stoffet bruka som bedøving.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Dinitrogenoksid