Møbelet kanape

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kanape frå ca. 1840.

Kanapé eller kanape er eit sittemøbel for fleire personar.[1] Han kan minna om ein sofa, og det er uklare grenser mellom dei to møbela både når det gjeld namn og utforming.[2] På fransk er canapé framleis eit vanleg namn på sofa. Namnet kjem frå gresk konopeion, som tyder 'myggnett (kring ei seng)'.[3]

I Noreg blei ei særskild engelsk utforming av kanapeen moderne på byrjinga av 1700-talet. Denne var konstruert slik at møbelet fekk form som to eller fleire stolar stilt ved sida av kvarandre i ei rekkje. Konstruksjonen var bygd opp som vanlege stolpekonstruerte stolar, men kanapeen hadde ein felles sarg fremst, og ryggstavane var smelta saman i overgangen frå ein «stol» til ein annan.[1]

Det er bevart mange kanapear i Noreg som er utforma i stilartane régence og seinare rokokko. På slutten av 1800- og byrjigna av 1900-talet blei rokokko-kanapeen mykje kopiert, og snikkararbeidet er ofte så fint at det er vanskeleg å skilja mellom møblar frå 1700- og 1900-talet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Kanapé: sofa». Store norske leksikon. 13. september 2017. 
  2. «Sofa». Store norske leksikon. 13. september 2017. 
  3. «kanape» i Nynorskordboka.