MF «Fusa» (1949)
| Karriere | |
|---|---|
| Namn: | MF «Fusa» |
| Eigar: | Det Midthordlandske Dampskibsselskab |
| Verft: | Skaalurens Skibsbyggeri i Rosendal |
| Verftsnummer: | 172 |
| Sjøsett: | Juli 1949 |
| Teke ut av teneste: | 1962 |
| Heimehamn: | Bergen |
| Kjennemerke: | LFYA |
| Generelle mål | |
| Type: | Bilferje |
| Tonnasje: | 99 bruttotonnregister, 33 nrt |
| Lengd: | 68,6 fot (20,9 m) |
| Breidd: | 24,0 fot (7,3 m) |
| Djupgang: | 10,1 fot (3,1 m) |
| Installert effekt : | 180 bhk |
| Framdrift: | 3cyl. Semi-DM (June-Munktell) |
| Fart: | 8 knop |
| Passasjerar: | 85 passasjerar |
| Bilar: | 10-12 køyretøy |
| Karriere | |
| Namn: | MF «Fusa» |
| Eigar: | Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap |
| Sett i teneste: | Januar 1962 |
| Teke ut av teneste: | 1974 |
| Omdøypt: | 1969: MF «Hatvik» |
| Heimehamn: | Bergen |
| Karriere | |
| Namn: | MF «Nårasund» |
| Eigar: | Rolf Jostein Trovåg |
| Sett i teneste: | 1974 |
| Omdøypt: | 1979: «Nåra» |
| Heimehamn: | Nåra/Bergen |
| Status: | 2011 framleis i norsk skipsregister |
M/F «Fusa», seinare MF «Hatvik», var ei bilferje levert for Det Midthordlandske Dampskibsselskab i juli 1949.
Ferja vart bygt ved Skaalurens Skibsbyggeri i Rosendal. Ferja gjekk inn i ruta Hatvik-Venjaneset fram til 1956, og frå 1956 til 1962 gjekk ho i sambandet Mundheim-Løfallstrand. I januar 1962 vart ferja seld til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap og gjekk attende til ruta Hatvik-Venjaneset. I 1969 vart ho omdøypt MF «Hatvik». Ferja gjekk i rute til 1974. Ho gjekk òg stundom i ruta Skånevik-Utåker-Matre. Somrane 1972 og 1973 vart ferja nytta i ruta Jondal-Tørvikbygd.
I mai 1974 vart ho seld til Rolf Jostein Trovåg og fekk namnet «Nårasund». Ho gjekk då i rute Daløy-Nåra fram til 1979, då ho fekk namnet «Nåra».
Kva som skjedde vidare med ferja er usikkert. Ho skal ha søkkt i 1980-åra, men er i mai 2011 framleis registrert i norsk skipsregister.
Ferjesamband
[endre | endre wikiteksten]- 1949-1956: Hatvik-Eikelandsosen
- 1956-1962: Mundheim-Løfallstrand
- 1962-1974: Hatvik-Eikelandsosen
- periodar òg Skånevik-Utåker-Matre
- Sommaren 1972 og 1973: Jondal-Tørvikbygd
- 1974-1979: Daløy-Nåra
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Skipet.no
- Fjordfähren.de Arkivert 2012-12-16 ved Wayback Machine.