MF «Sveio» (1975)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
MF Sveio i Sandvikvåg.jpg
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Røberg»
Eigar: Nord-Ferjer (1975-1990)
Ofotens & Vesteraalens Dampskibsselskab (1990-1996)
Verft: Tromsø Skibsverft & mek. Verksted i Tromsø
Verftsnummer: 44
Sjøsett: 1975
Heimehamn: Narvik
Kjennemerke: LACK
IMO-nummer: 7407776
Generelle mål
Type: Bilferje
Tonnasje: 443 bruttotonnregister, 183 nrt
Lengd: 50,59 m
Breidd: 11,27 m
Djupgang: 3,32 m
Installert effekt : 1120 bhk
Framdrift: 8 cyl. 4T DM (Normo, Bergen)
Fart: 12 knop
Passasjerar: 230 passasjerar
Bilar: 35 køyretøy
Generelle mål etter ommåling i 1994
Tonnasje: 662 bruttotonnregister, 221 nrt
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Sveio»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipselskap, i dag Norled
Kjøpt: Januar 1996
Heimehamn: Bergen
Som MF «Sveio» i rute Skjersholmane-Utbjoa. Foto: Harald Sætre (1996)

MF «Sveio», frå 1975 til 1996 MF «Røberg», er ei open pendelferje som vart bygd av Tromsø Skipsverft i 1975 og overlevert reiarlaget Nord-Ferjer for trafikk på sambandet mellom Sommerset og Bonåsjøeneuropaveg 6.

«Røberg» trafikkerte også sambanda Bognes–Skarberget og Drag-Kjøpsvik-Skarberget før ho vart overført til Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskab.

Den 24. januar 1996 vart ferja kjøpt av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap og omdøypt til MF «Sveio». Siden januar 2011 har «Sveio» gått på sambandet Fjelberg-Sydnes-Utbjoa-Skjersholmane-Borgundøy.

Ferjesamband[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]