MF «Osafjord»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå MF Osafjord (1959))
Hopp til navigering Hopp til søk
MF Osafjord in Ulvik (cropped).jpg
MF «Osafjord» i Ulvik
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Osafjord»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Verft: Stord Verft
Verftsnummer: 52
Sjøsett: 1959
Teke ut av teneste: 1976
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: JXFI
Generelle mål
Type: Bilferje
Tonnasje: 152 bruttotonnregister, 50 nrt
Lengd: 88,6 fot (27,0 m)
Breidd: 26,3 fot (8,0 m)
Djupgang: 10,1 fot (3,1 m)
Installert effekt : 300 bhk
Framdrift: 3cyl. 2T EV DM (Wichmann Motorfabrikk)
Fart: 10
Passasjerar: 95 passasjerar
Bilar: 12 køyretøy
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Lauvsnes»
Eigar: 1976-1983: A/S Namsos Trafikkselskap
1983-1986:Hans Norland
Sett i teneste: 1976
Heimehamn: Namsos
Jørpeland/Stavanger
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Showboat»
Eigar: 1989-1991: Skipsinvest K/S
1991-1994: Fjordpartners KS
1994-2002: Pereus Invest A/S
2002-2008: Vidar Gjervik
2008-: Showboat AS
Sett i teneste: 1989-
Heimehamn: 1989-2004: Oslo
2004-: Bergen
Status: Framleis i drift i 2011
Generelle mål etter ombygging i 2003
Type: Passasjerbåt
Passasjerar: 160 passasjerar

M/F «Osafjord», i dag MS «Showboat», var ei bilferje bygd for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap i 1959.

Ferja vart bygd ved Stord Verft ved Leirvik i Stord kommune og var i drift for HSD fram til 1976 og gjekk hovudsakleg i tre forskjellige ruter i Hardanger og Sunnhordland.

I oktober 1976 vart ferja seld til Namsos Trafikkselskap. Ferja vart då ombygd og omdøypt MF «Lauvsnes».

I juni 1983 vart ho seld vidare til Stavanger og vart nytta som transportskip. I 1986 gjekk ho vidare til Oslo, der ho vart ombygd og fekk namnet «Showboat». Under dette namnet hadde ho forskjellige eigarar fram til 2002 og vart nytta til utfluktar i Oslofjorden. I 2002-2003 vart båten renovert i Bergen ved Bergen Mekaniske Verksted i Laksevåg. Sidan 2004 har ho vert nytta til utflukter kring Bergen.

Ferjesamband[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]