MF «Jondal»
Utsjånad
M/F «Jondal» i rute Jondal-Tørvikbygd i 2000. Foto: Harald Sætre. | |
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | MF «Jondal» |
Eigar: | Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap |
Verft: | Mjellem & Karlsen i Bergen |
Verftsnummer: | 116 |
Sjøsett: | 1974 |
Heimehamn: | Bergen |
Kjennemerke: | LNMT |
IMO-nummer: | 7368839 |
Generelle mål | |
Type: | Bilferje |
Tonnasje: | 493 bruttotonnregister, 239 nrt |
Lengd: | 197,0 fot (60,0 m) |
Breidd: | 36,5 fot (11,1 m) |
Djupgang: | 11,5 fot (3,5 m) |
Installert effekt : | 1250 bhk |
Framdrift: | 5cyl. 2T EV DM (Wichmann Motorfabrikk) |
Fart: | 15 |
Passasjerar: | 195 passasjerar |
Bilar: | 35 køyretøy |
Generelle mål etter ommåling i 1996 | |
Tonnasje: | 740 bruttotonnregister, 240 nrt |
MF «Jondal» er ei bilferje levert frå Mjellem & Karlsen i Bergen i mai 1974 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD).
Ferja vart sett inn i ruta Kinsarvik-Utne-Kvanndal, der ho gjekk fram til 1977.
Ferja er framleis i reiarlaget som endra namn til HSD Sjø i 2001 og Tide Sjø i 2006, før det vart ein del av Norled. Ferja vart modernisert av Nordtveit AS i Nordtveitgrend i 1996 og sett inn i sambandet Tørvikbygd-Jondal. I november og desember 2011 vart ho på ny renovert innvendig og hovudmaskinen fekk niteogendioksidreduksjon.
Sidan 2006 har ferja vore i fart som reserveferje.
Ferjesamband
[endre | endre wikiteksten]- 1974 - 1977: Kinsarvik-Utne-Kvanndal
- 1996 - 2006: Tørvikbygd-Jondal
- 2006: Halhjem-Våge
Som reservereferje
[endre | endre wikiteksten]- Kinsarvik-Utne-Kvanndal (som sommarferje og reserveferje om vinteren)
- Sommer 2010: Gjermundshamn-Løfallstrand
- November-desember 2011
- Sidan januar 2012 B-ferje på Kinsarvik-Utne-Kvanndal
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Skipet.no
- «Jondal» på Fjordfähren (tysk) Arkivert 2016-01-05 ved Wayback Machine.