Maarrat al-Nu'man

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 35°38′N 36°40′E
Ma'arrat al-Nu'man
معرة النعمان, Maarat al-Numaan
by
Maraat al-Numaan Collage.PNG
Bilete frå Maarat al-Numan
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Idlib
Distrikt Maarrat al-Nu'man
Nahiyah Maarrat al-Nu'man
Høgd 530 moh
Koordinatar 35°38′N 36°40′E
Folketal 58 008 (2010) [1]
Syria location map3.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ma'arrat al-Numan
Abû Zayd bed føre Qadi of Ma`arra (1334).

Maarat al-Numaan (arabisk مَعَرَّة النُّعْمَان ) er ein by nordvest i Syria, 33 km sør for Idlib og 57 km nord for Hama, med 58 008 innbyggjarar (2004).[1] Han ligg ved motorvegen mellom Aleppo og Hama og nær Daudebyane Bara og Serjilla. Bynamnet, som vart kalla Arra av grekarane og Marre av krossfararane, er ein kombinasjon av det tradisjonelle namnet og namnet på den første muslimske guvernøren an-Nu'man ibn Bashir, ein av Muhammed sine følgjesveinar.

I dag har byen eit museum med mosaikkar frå Daudebyane, Den store moskéen i Maarrat al-Numan, ein koranskule bygd av Abu al-Farawis frå 1199 og ruinane av ei mellomalderborg. Byen er fødestaden til diktaren Abu al-Ala al-Maari (973–1057).

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 891 skildra Ya'qubi Maarrat al-Nu'man som ein «antikk by, no i ruinar. Han ligg i provinsen Hims.»[2]Estakhri levde (951) hadde staden kome på fote att, og han skildra byen som «har særs mange gode ting, og er særs velståande». Fiken, pistasjenøter og vindruer vart dyrka.[2] I 1047 vitja Nasir Khusraw byen og skildra han som ein folkerik by med bymurar i stein. Det var ein Fredagsmoské på høgda i midten av byen. Basarane var travle. Store område med oppdyrka land låg kring byen med mange fikentre, oliven, pistasjenøter, mandlar og druer.[2][3]

Ma'arra-massakren[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå omleiringa av Ma'arra.

Den mest kjende hendinga i byen er frå seint i 1098, under det første krosstoget. Etter krossfararane, leia av Raymond de Saint Gilles og Bohemond av Taranto, klarte å kringsetje Antiokia mangla dei matforsyningar. Dei raida den kringliggande landsbygda i vintermånadane, men dette var ikkje nok. Den 12. desember nådde dei Ma`arra, og mange av dei leid av svelt og feilernæring. Dei klarte å bryte gjennom bymurane og massakrerte kring 8000 innbyggjarar. Sidan dei likevel ikkje kunne finne nok mat, tydde dei til kannibalisme.[4]

Ein av krossfararkommandantane skreiv til pave Urban II: «Ein forferdeleg svelt pinte armeen i Ma`arra, og dei fann det naudsynt å ete lika til sarasenarane.[4]

Radulph av Caen, ein annan historikar, skreiv: «I Ma`arra kokte soldatane våre vaksne heidningar i grytene; dei spidda barna på spyd og åt dei grilla.»[4]

Desse hendingane vart òg nemnt av Fulcher av Chartres, som skreiv: «Eg gyser når eg skriv at mange av folka våre, pint av galskapen svolten førte med seg, og skor stykke av skinkene til dei døde sarasenarane, som dei kokte, men når dei ikkje var grilla nok over elden, åt dei dei som ville dyr.»[5]

Desse hendingane hadde sterk innverknad på dei lokale innbyggjarane i Sørvest-Asia. Krossfararane hadde alt eit rykte på seg for å vere vonde og barbariske mot muslimar, jødar og til og med lokale kristne, både katolikkar og ortodokse (krosstoga byrja kort tid etter Det store skisma i 1054).

Etter krosstoga[endre | endre wikiteksten]

Ibn Jubayr vitja byen i 1185, og skreiv at «Det er hagar over heile byen... Det er ein av dei mest frodige og rikaste landområda i verda».[3] Ibn Battuta vitja byen i 1355, og skildra byen som liten. Fiken og pistasjenøter frå byen vart eksportert til Damaskus.[6]

Den syriske borgarkrigen[endre | endre wikiteksten]

2. juni 2011 var det kraftige demonstrasjonar mot styret til president Bashar al-Assad i byen. Under den syriske borgarkrigen gjorde den strategiske plasseringa til byen mellom Damaskus og Aleppo han til eit ynda mål. Frå 8. oktober 2012 vart slaget ved Maarrat al-Nu'man utkjempa mellom Den frie syriske armeen og Den syriske hæren, med store sivile tap og materielle skadar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Population Statistics for the Cities of SyriaBevoelkerungsStatistik.de
  2. 2,0 2,1 2,2 le Strange, 1890, s. 495
  3. 3,0 3,1 le Strange, 1890, s. 496
  4. 4,0 4,1 4,2 Amin Maalouf, The Crusades Through Arabic Eyes, trans. Jon Rothschild (News York: Schocken Books, 1984), 39.
  5. Edward Peters, The det første krosstoget: The Chronicle of Fulcher of Chartres and Other Source Materials (University of Pennsylvania Press, 1998), 84.
  6. le Strange, 1890, s. 497

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]