Madeline Manning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Madeline Manning

Madeline Manning 1968.jpg

Statsborgarskap USA
Fødd 11. februar 1948
Cleveland
Idrett friidrett
Yrke mellomdistanseløper

Madeline Manning (fødd 11. januar 1948) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Cleveland som vart olympisk meister på 800 meter i 1968.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Manning slo gjennom i 1967-sesongen, 19 år gammal, då ho vann 800 meter både under dei panamerikanske leikane i Winnipeg og universiaden i Tokyo. Hausten 1968 deltok ho i dei olympiske sommarleikane i Mexico-byen og vann ein suveren siger på 800-meteren.

Under Sommar-OL 1972 i München vart Manning slått ut or 800-tevlinga i semfinalane, seinare i leikane sprang ho den andre etappen for USA sitt stafettlag i 4 x 400 m stafett, eit lag som fekk sølvmedalje, slått med over to sekundar av Aust-Tyskland.

I 1976 sette Manning personleg rekord på 800 meter med den sterke tida 1.57,90. Ho tok seg greitt til semifinalane på distansen i OL i Montreal, men gav opp å kome vidare frå semifinaleløpet.

Manning var aktiv i friidrett til 1981 og vann i alt 10 nasjonale meisterskapsgull.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1968 i Mexico-byen: Gullmedalje på 800 m – 2.00,9, framom Ileana Silai (2.02,5)
  • OL 1972 i München: Utslått i semifinalane på 800 m (2.02,39 =nr 10). Sølv i 4 x 400 m stafett
  • OL 1976 i Montreal: Utslått i semifinalane på 800 m (2.07,25 =nr 16)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]