Magdalena

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maria Magadalena, her måla av Rogier van der Weyden på 1400-talet, er grunnlaget for utbreiinga av «Magdalena» og avleidde namn i den kristne verda.

Magdalena og Magdalene er eit kvinnenamn avleia av bynamnet Magdala, etter ein by ved Geneseratsjøen. Magdala skal tyde 'tårn', på hebraisk Migdal. Namnet skriv seg frå Maria Magdalena i Bibelen.

Namnet har gjeve opphav til mange kortnamn, blant dei Malene, Magda, Malin og Lena. Andre variantar er til dømes Madeleine og Madalena.

Namnet Magdalenius er òg kjend som mannsnamn i Troms.

Den fulle forma av namnet var noko utbreidd i Noreg i 1900, men i dag er det mange fleire som brukar ei av kortformene av namnet:

  • I 1801 var det etter folketeljinga nær 560 som het Magdalena/Magdalene.
  • I 1900 var det etter folketeljinga om lag 2240 som het Magdalena/Magdalene.
  • I 2007 var det vel 360 med namnet Magdalena, medan knapt 100 hadde Magdalene til første fornamn.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]