Magdalena Neuner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Magdalena Neuner i 2009
Neuner i Holmenkollen i 2008

Magdalena Neuner (fødd 9. februar 1987) er ein tysk tidlegare skiskyttar frå Wallgau i Bayern. Perioden 2007-12 vann ho tolv gullmedaljar i VM i skiskyting, seks av dei i individuelle tevlingar, og to OL-gull. I alt vann ho 14 gull, 5 sølv og 1 bronsemedalje i dei internasjonale skiskytingsmeisterskapane. Både i 2008, 2010 og 2012 vann ho verdscupen i skiskyting, og ho gjekk ho til topps i 34 individuelle renn i verdscupen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Etter mange junior-VM-titlar debuterte Neuner i verdscupen i skiskyting i 2006, der ho oppnådde ein fjerdeplass i Kontiolahti på tampen av sesongen. I 2007 markerte ho seg snøgt i verdscupen, med stor fart i sporet oppnådde ho gode plasseringar, trass nokre bom på standplass. Den første verdscupsigeren kom på 7,5 km sprint i Oberhof den 5. januar 2007. Ein månad seinare vart ho i Antholz verdsmeister både på 7,5 km sprint og på den etterfølgjande jaktstarten. På kvinnestafetten fekk ho si tredje gullmedalje, på lag med Martina Glagow, Andrea Henkel og Kati Wilhelm. Ho enda på fjerdeplassen i verdscupen 2007.

Neuners sportslege prestasjonar og blide vesen førte til ei enorm interesse frå media, sponsorar og skiskyttarfans. Gjennom 2008-sesongen var ho verdas beste skiskyttar på kvinnesida, og vann verdscupen i skiskyting for første gong. Under skiskytings-VM 2008 tok ho på ny tre gullmedaljar, denne gongen i 15 km fellesstart, samt på mixstafetten og på kvinnestafetten. På mixstafetten var ho på lag med Sabrina Buchholz, Andreas Birnbacher og Michael Greis, medan kvinnelaget var det same som året før.

2009-sesongen lukkast Neuner ikkje i same grad som i dei to føregåande sesongane. I VM i Pyeongchang måtte ho nøye seg med ein einsleg sølvmedalje i 4x6 km stafett, laget var nøyaktig likt gullaget frå 2007 og -08. Neuner gjekk der atter andreetappen og skaut på seg to strafferundar, noko som var medverkande til at Tyskland var sjanselaus mot Russlands fire kvinner. I verdscupen 2009 kom ho fjerdeplassen.

Magdalena Neuner etter målgang på 15 km fellesstart under OL 2010 i Vancouver

I OL-sesongen 2010 var Neuner tilbake på toppen. Under vinterleikane i Vancouver tok ho olympiske gullmedaljar på jaktstarten og den avsluttande fellesstarten, samt sølvmedaljen i 7,5 km sprint. Noko omdiskutert vart ho ikkje teken ut på stafettlaget til Tyskland, grunna hennar ujamne prestasjonar i ståande-skyting. Derimot gjekk ho på Tysklands vinnarlag på mixstafetten under det avgrensa VM i skiskyting 2010 i Khanty-Mansijsk. Neuner vann verdscupen i skiskyting 2010, framom landsmannen Simone Hauswald.

Neuner stod over fleire renn i verdscupen 2011, og enda på femteplassen. Men under verdsmeisterskapen i Khanty-Mansijsk var ho den store forgrunnsfiguren med sine tre gullmedaljar og to sølvmedaljar. VM-titlane tok ho på sprintdistansen over 7,5 km og i fellesstart over 15 km, samt i 4x6 km stafett saman med Andrea Henkel, Miriam Gössner og Tina Bachmann.

I sin siste sesong, 2012, vann ho ti individuelle sigrar i verdscupen og stod 18 gongar på sigerspallen. Ho leia verdscupen så å seie frå byrjinga til sesongslutt, og vann cupen med rekordsummen 1216 poeng. Før verdsmeisterskapen 2012 i Ruhpolding var forventningane til henne skyhøge. Her tok ho gull i sprintøvinga, og vart som året før verdsmeister i 4x6 km stafett i lag med dei same tre kvinnene. Dessutan fekk ho ein sølvmedalje på jaktstarten og ein bronsemedalje. Ho vart likevel ikkje den største kvinnelege utøvaren i meisterskapen, då norske Tora Berger vann tre VM- gull og ein bronse. Neuner vart tildelt Holmenkollmedaljen under verdscuprenna der.

Neuner la opp etter sesongslutt 2012, med ønskje om å leve eit normalt liv utanfor medias pågåande søkelys.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar