Magdalenadalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magdalenaelva i blått og dalføret i skyggelagt grønfarge

Magdalenadalen (spansk El Valle del Río Magdalena) er eit dalføre i Colombia mellom den sentrale og den austlege fjellkjeda av Andes. Dalføret blir drenert av Magdalenaelva frå sør mot nord.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Geologi

Magdalenadalen vart danna etter ei rekkje tektoniske danna senkingar som blei fylte opp med kontinentale avsettingar i tertiær. Desse sedimenta kom frå den sentrale fjellkjeda av Andes.[1]

Flora

Den første registrerte europeiske kontakt med poteten var i 1537 i Magdalenadalen. Dei spanske inntrengarane vart kjente med avlinga, og det var truleg rundt år 1570 at eit spansk skip først introdusert potetar til Europa.

Fauna

Magdalenadalen er heimen til ein sommarfuglart, Splendeuptychia ackeryi, engelsk Magdalena Valley ringlet, som først vart skildra i 2009. Det er mange truga fuglar og pattedyr i regionen, inkludert langhårklamreape og dei endemiske fuglane blåknopphokko og kvitryggskjeggfugl. Desse artane er truga av mellom anna habitattap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Historia de la Geología en Colombia, arkivert frå originalen 27. oktober 2007, henta 1. desember 2015