Magdalenaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Magdalena
elv
none Satellitbilde av deltaet til Magdalenaelva.
Satellitbilde av deltaet til Magdalenaelva.
Land Flag of Colombia.svg Colombia
Nedslagsfelt 273 000 km²
Renn gjennom Neiva, Girardot,
Honda, La Dorada,
Puerto Boyará,
Puerto Berrío,
Barrancabermeja,
Santa Cruz de Mompox,
Magangué, Barranquilla
Sideelvar Páez, Saldaña, La Miel,
Cauca, San Jorge,
Bogotá, Carará,
Sogamoso, Cesar m.fl.
Lengd 1 528 km
Middelvassføring 7 200 /s
Kjelde Macizo Colombiano, Andes, Colombia
Munning Barranquilla ved Det karibiske havet
Kart over nedslagsfeltet, elvefaret er indikert med blå farge.
Kart over nedslagsfeltet, elvefaret er indikert med blå farge.
Wikimedia Commons: Magdalena River

Magdalena er den viktigaste elva i Colombia. Ho strøymer nordover ca. 1528 kilometer gjennom den vestlege halvdelen av landet til ho tømmer seg gjennom eit delta mot Det karibiske havet. Elva er farbar gjennom mykje av den nedre delen, sørover så langt som til byen Honda i Tolima-departementet, trass skiftande sandbankar ved deltamunningen. Elva renn gjennom Magdalena-dalen. Ho har namnet sitt frå den bibelske figuren Maria Magdalena.

Nedslagsfeltet dekker ei flate på 273 000 kvadratkilometer, som er 24 % av arealet av landet, og der 66 % av folkesetnaden bur.

Elvefaret[endre | endre wikiteksten]

'Båt på Magdalena, akvatint frå ca. 1860 av Ramón Torres Méndez
Frå Santa Cruz de Mompox
Foto: Wikimediabrukar Pierre75018
Frå byen Honda
Foto: Wikipediabrukar Dru007
Frå El Banco
Foto: Jose Acuario

Utspringet til Magdalena finn ein i den sørlege delen av Colombia, i Huila-departementet, der Cordillera Central og Cordillera Oriental i Andes skil seg. Elva renn deretter austom nord i ein stor dal mellom dei to cordilleras. Ho når slettelandet på ca. ni grader nord, bøyer deretter mot vest i ca. 100 km, deretter nordover igjen, og når Det karibiske havet ved byen Barranquilla i ei sone kjent som Bocas de Ceniza.

Biologi[endre | endre wikiteksten]

Fisk

Magdalena-bassenget, som inkluderer Cauca og andre sideelvar, er svært fiskerikt. I 2008 kjente ein 213 ulike fiskeartar i vassdraget.[1] Etter den tid har ein skildra fleire nye artar i bassenget, til dømes fem i slekta Hemibrycon i 2013,[2] to i Ancistrus i 2013[3] og ein Grenmaller i 2014.[4] Blant dei meir kjende artane i bassenget er Caquetaia umbrifera, Ctenolucius hujeta, Geophagus steindachneri, Ichthyoelephas longirostris, Panaque cochliodon, Pimelodus blochii, Potamotrygon magdalenae, Prochilodus magdalenae, Pseudoplatystoma magdaleniatum og Salminus affinis. Om lag 55 % av fiskeartane i bassenget er endemiske, inkludert fire endemisk biologiske slekter av fiskar. Generelt viser fiskefaunaen samband med nærliggande vassdrag, særleg Atrato og Maracaibo, men i mindre grad òg Amazonas-Orinoco.[5]

Det har vore ein drastisk nedgang i samla årleg fiskefangst med eit fall i volum på ca. 90 % mellom 1975 og 2008.[6] Det primære trugsmålet er forureining, til dømes frå menneskeleg avfall, gruvedrift og jordbruk. Avskoging fører med seg erosjon og siltasjon, habitatstap ved dambygging er eit anna trugsmål. Nye dammar er under konstruksjon, inkludert El Quibo, med forventa drift i 2015, og Ituango med forventa drift frå 2018.[7][8] Tungmetall har òg blitt påvist i kommersielt viktig fisk i elva.[9] Per 2002, var 19 fiskeartar i vassdraget klassifiserte som truga.[10]

Anna dyreliv

Magdalena-elva og dalen kryssar ei rekkje økosystem, som páramo i utspringa i sør, tørrskog i øvre delen av Magdalena-dalen, regnskog i midtvegs, og sumpar og våtmarker i lågare elvefar.[11] Brillekaiman, grøn iguan og brunpelikan lever rikelege i desse økosystema, men andre dyreartar som den vestindiske amerikamanat, ein lokal underart av raudbeintinamu, regnbogeparakitt, spisskrokodille, skjelpaddene Trachemys callirostris, Podocnemis lewyana, Mesoclemmys dahli og Chelonoidis carbonaria (raudfota landskilpadde) er i fare av utrydding.[12] I tillegg er det ein mogleg risiko for spreiing av innførte flodhestar.[13]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Med elvefaret i nord-sør-retning i Sør-Amerika, blei Magdalena naturleg ferdselsveg mellom Det karibiske havet og det indre av dagens Colombia og Ecuador. Fleire karibtalande folk trekte sørover gjennom den vestlege breidda av elva, medan den austlege delen vart busett av muisca-folket, som kalla elva for «Yuma».

Likeins brukte dei spanske conquistadorane som kom til dagens Colombia tidleg på 1500-talet elva til å ta seg inn i det fjellrike innlandet etter at Rodrigo de Bastidas oppdaga og gav namn på elva 1. april 1501. I løpet av den spanske koloniseringa av Amerika, var elva var det einaste transportsambandet mellom Bogotá og hamna ved Cartagena de Indias, og dermed òg einaste sambandet med Europa.

Eit selskap fekk tildelt konsesjon i 1825 for å etablere dampskiptrafikk på Magdalena,[14] men selskapet stengte kort tid etter. Det var regelmessige rutetrafikk med dampbåtar frå 1845.[15] I 1961 opphøyrte drifta av dei siste dampskipa.[14]

I kunst og media[endre | endre wikiteksten]

Generalen i sin labyrint, av Gabriel García Márquez, er ei oppdikta forteljing om den siste ferda til Simón Bolívar nedover Magdalena, der han vitjar mange byar og landsbyar langs elva.

Mykje av filmen Kjærlighet i koleraens tid finn stad i den historiske, festningsbyen Cartagena i Colombia. Nokre sekvensar viste Magdalena og Sierra Nevada de Santa Marta fjellkjeda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Maldonado-Ocampo; Vari; and Usma (2008). Checklist of the Freshwater Fishes of Colombia. Biota Colombiana 9: 143–237.
  2. Román-Valencia; Ruiz; Taphorn; Mancera-Rodriguez; and García-Alzate (2013). Three new species of Hemibrycon (Characiformes: Characidae) from the Magdalena River Basin, Colombia. Rev Biol Trop. 61(3): 1365-1387.
  3. Taphorn; Armbruster; Villa-Navarro; and Ray (2013). Trans-Andean Ancistrus (Siluriformes: Loricariidae). Zootaxa 3641(4): 343–370.
  4. Ballen; and Mojica (2014). A new trans-Andean Stick Catfish of the genus Farlowella Eigenmann & Eigenmann, 1889 (Siluriformes: Loricariidae) with the first record of the genus for the río Magdalena Basin in Colombia. Zootaxa 3765(2): 134–142.
  5. Freshwater Ecoregions of the World: Magdalena - Sinu. Henta 6. april 2015.
  6. Lasso; Agudelo-Córdoba: Jiménez-Segura; Ramírez-Gil; Morales-Betancourt; Ajiaco-Martínez; Gutiérrez; Usma-Oviedo; Muñoz-Torres; and Sanabria-Ochoa (2011). I. Catálogo de los recursos pesqueros continentales de Colombia. Serie Editorial Recursos Hidrobiológicos y Pesqueros Continentales de Colombia. Bogotá (Colombia): Instituto de Investigación de Recursos Biológicos Alexander von Humboldt (IAvH).
  7. International Rivers (18 January 2012). Colombia's El Quimbo in Limbo. Retrieved 6. april 2015.
  8. International Rivers (18 March 2013). Police Detain Ituango Dam Affected. Retrieved 6. april 2015.
  9. Noreña; Arenas; Murillo; Guío; and Méndez (2012). Heavy metals (Cd, Pb and Ni) in fish species commercially important from Magdalena river, Tolima tract, Colombia. Tumbaga 2(7): 61-76.
  10. Granado-Lorencio; Serna; Carvajal; Jiménez-Segura; Gulfo; and Alvarez (2012). Regionally nested patterns of fish assemblages in floodplain lakes of the Magdalena river (Colombia). Ecol Evol. 2(6): 1296–1303.
  11. «Magdalena Valley dry forests». http://www.eoearth.org/article/Magdalena_Valley_dry_forests. Henta 6. april 2015. 
  12. «CUIDEMOS NUESTRO RÍO MAGDALENA» (på spansk) (PDF). http://fs03eja1.cormagdalena.com.co/nuevaweb/pagina%20ni%C3%B1os/CUIDEMOS%20NUESTRO%20RIO%20MAGDALENA.pdf. Henta 2011-07-15. 
  13. «Pablo Escobar’s hippos: A growing problem - BBC News». http://www.bbc.com/news/magazine-27905743. Henta 6. april 2015. 
  14. 14,0 14,1 «Navegación a Vapor en Colombia | xcafe.co» (på spansk). http://xcafe.co/blog/2010/05/26/navegacion-a-vapor-en-colombia/. Henta 6. april 2015. 
  15. Alfred Hettner. «En el río Magdalena.» (på spansk). Viajes por los Andes colombianos: (1882-1884). http://www.banrepcultural.org/blaavirtual/historia/viaand/viaand6.htm. Henta 6. april 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Magdalenaelva