Magnar Solberg
Magnar Solberg | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. februar 1937 (88 år) Soknedal |
Yrke | skiskyttar |
Magnar Solberg på Commons |
Magnar Solberg (fødd 4. februar 1937 i Soknedal) er ein norsk tidlegare skiskyttar og politimann. Han var medlem av Trondhjems Skytterlag.
Skiskyting
[endre | endre wikiteksten]Solberg tok gull på 20 kilometer under OL 1968 i Grenoble, og forsvarte gullmedaljen under OL 1972 i Sapporo. Han tok bronse på 20 kilometer både under VM 1969 og VM 1971. I fire år på rad, 1968-71, var han på norske stafettlag som vann sølvmedaljar i dei store meisterskapane, fyrst i OL og så i tre VM.
I 1968 blei han tildelt Olavstatuetten og Morgenbladets Gullmedalje.
Solberg bar det norske flagget under opningssermonien under vinter-OL 1972.
Meisterskapsmedaljar
[endre | endre wikiteksten]![]() | |||
---|---|---|---|
Medalje | Øving | År | Stad |
Gull | 20 km | 1968 | ![]() |
Gull | 20 km | 1972 | ![]() |
Sølv | 4 x 7,5 km stafett | 1968 | ![]() |
![]() | |||
Medalje | Øving | År | Stad |
Sølv | 4 x 7,5 km stafett | 1969 | ![]() |
Sølv | 4 x 7,5 km stafett | 1970 | ![]() |
Sølv | 4 x 7,5 km stafett | 1971 | ![]() |
Bronse | 20 km | 1969 | ![]() |
Bronse | 20 km | 1971 | ![]() |
Han la opp som skiskyttar i 1972.
Politi
[endre | endre wikiteksten]Magnar Solberg arbeidde som etterforskar ved politikammeret i Trondheim. Han tok del i etterforskinga av Fritz Moen, ei sak som enda med justismord i det som er kjent som Moen-saka. «- Jeg tok del i den store tabben, sammen med mange andre», sa han til VG.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Magnar Solberg» frå Wikipedia på bokmål, den 1. mars 2012.
- Einskildmenn
- Fødde i 1937
- Norske skiskyttarar
- Norske politifolk
- Kongepokalvinnarar i skiskyting
- Olympiske meistrar for Noreg
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg
- Noregsmeistrar i skiskyting
- Vinnarar av Aftenpostens Gullmedalje
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1968
- Norske deltakarar under vinter-OL 1968
- Skiskyttarar under vinter-OL 1968
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1972
- Norske deltakarar under vinter-OL 1972
- Skiskyttarar under vinter-OL 1972
- Folk frå Midtre Gauldal