Magnentius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Magnentius
Magnentius trier RIC 247 (obverse).jpg
Fødd303 (juliansk)
FødestadAmiens
Død11. august 353 (juliansk)
DødsstadLyon
Gift medJustina

Flavius Magnus Magnentius (d. 353) var ein romersk keisar eller tronrøvar (usurpator) frå 350 til 351.

Magnentius var fødd i Samarobriva (Amiens) i Gallia. Han var av romersk herkomst og tenstegjorde i den romerske hæren. Han var kommandør for keisarvaktene Ioviani og Herculiani under keisar Konstans.[1] Då hæren blei misnøgd med oppførselen til Konstans, utropte han Magnentius til keisar i staden. Utropinga fann stad i Autun den 18. januar 350.[2] Konstans dreiv då jakt ved Pyreneane, borte frå troppane sine, og blei overraska og drepen av styrkane til Magnentius ved Helene (nær Perpignan).[2]

Magnentius blei anerkjend i vestdelen av Romarriket som augustus. Han utnemnde Decentius till cæsar. Han kom i strid med Konstantius II og blei nedkjempa av han i det blodige slaget ved Mursa i 351. I 353 tok han sitt eige liv.

Kona hans, Justina, blei seinare gift med keisar Valentinian.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. Zosimus, ii.58
  2. 2,0 2,1 Crawford 2016, s. 71.
  • Cameron, Averil, and Peter Garnsey ed., The Cambridge Ancient History, Vol XIII, Cambridge University Press, 1988.
  • Crawford, Peter (2016). Constantius II: Usurpers, Eunuchs, and the Antichrist. Pen & Sword. 
  • Pierre Bastien, Le Monnayage de Magnence (350 – 353), Wetteren (Belgium), Édition numismatique romaine, 1983