Magnhild Hagelia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Magnhild Hagelia
Stortinget på ski - L0044 696Fo30141609070139.jpg
Fødd6. mai 1904
Gjerstad
Død4. juli 1996
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Byste av Magnhild Hagelia utanfor rådhuset i Grimstad.

Magnhild Hagelia (fødd 6. mai 1904 i Aust-Agder død 4. juli 1996, daud 4. juli 1996) var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho var den første kvinna som presiderte over eit møte i Lagtinget.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Hagelia var dotter av småbrukar Peder Jakobsen Hagelia (1874–1941) og Karen Tomine Pedersdotter Gryting (1881–1956).[1]

Ho var utdanna ved Jæren Folkehøgskule (1924–1925), tok Treiders handelsskole (1933–1934) og revisorkurs (1933–1934) og avla i 1938 eksamen i jordbruksbokføring.[1]

Etter ulike stillingar i handel og kontor vart Hagelia i 1939 forretningsførar i Gjerstad forsyningsnemnd og denne stillinga hadde ho til 1945. Frå 1945–1947 var ho kommunerevisor. Deretter var ho assistent ved Aust-Agder fylkesrevisjon 1948–1953 og fullmektig same stad 1953–1969.[1]

Politisk virke[endre | endre wikiteksten]

Hagelia starta det politiske virket sitt i Lokalavdelinga til kommuneforbundet Arendal og omegn der ho var tillitsvald i åra 1928–1929.[1] Ho var i mellomkrigstida aktiv i ungdomslag og i IOGT. Ho var etter den andre verdskrigen aktiv i kommunepolitikken. I 1945 var ho medlem av kommunestyret i Fjære kommune. Frå 1955 til 1959 sat ho i Øyestad kommunestyre, 1967–1970 i Fjære formannskap og 1971–1972 i Grimstad bystyre.[1]

Hagelia var stortingsrepresentant for Aust-Agder i nærare 16 år. Ho vart valt til vararepresentant i 1945.[1] Frå 1950 vart ho valt til fast representant, med attval i 1954, 1958 og 1961. Hagelia sat i kommunalkomiteen, valkomiteen og administrasjonskomiteen. Ho var medlem av presidentskapet, sist som varapresident i Lagtinget 1961–1965. Ho vart då i 1962 første kvinne som leidde eit lagtingmøte.[2] I 1965 avslutta ho perioden sin som stortingsrepresentant.[1]

Som stortingsrepresentant deltok Hagelia som medlem av Stortingets gruppe av Den interparlamentariske union og i delegasjonen til Nordisk Råd.[1]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Hagelia vart i 1976 av kongen utnemnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden «for samfunnsnyttig virke».[3] Ho var æresmedlem av Aust-Agder mållag. I 1986 vart ho tildelt Dialektprisen av Vest-Agder mållag.[1]

I 1994 fekk Grimstad kommune sett opp ei byste av henne i høve 90-årsdagen og i 2013 vart det reist ei byste av henne ved Almuestaua ved Gjerstad.[1][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 1,9 Magnhild Hagelia hjå Stortinget
  2. «Første kvinne som ledet et lagtingsmøte», Aftenposten, morgenutgaven 6. mai 1989, s. 16.
  3. Aftenposten, morgenutgaven 5. mars 1976, s. 2.
  4. «Hagelia-bysten på plass», Aust-Agder Blad, 10. juni 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]