Maksim Maksimov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maksim Maksimov
Fødenamn Максим Геннадьевич Максимов
Statsborgarskap Russland
Fødd 6. september 1979
Izjevsk
Idrett skiskyting
Tok del i

VM i skiskyting 2008, Biathlon World Championships 2011 – Men's individual

Maksim Gennadjevitsj Maksimov (fødd 6. september 1979) er ein russisk tidlegare skiskyttar frå Izjevsk i Udmurtia.

Maksimov høyrde til mellom dei fremste russiske skiskyttarane i åra 2008-11. Berre nokre få gongar hevda han seg i toppen internasjonalt, men då til gjengjeld i viktige tevlingar. Under VM i skiskyting 2008 i Östersund overraska han stort då han med prikkfri skyting tok bronsemedaljen på 20 km, bakom verdsmeister Emil Hegle Svendsen og Ole Einar Bjørndalen. Også i fellestarten tre dagar seinare trefte han dei 20 blinkane, men måtte nøye seg med fjerdeplassen.

Tre år seinare vann Maksimov sølvmedaljen på 20 km under VM i skiskyting 2011 i Khanty-Mansijsk. 20 treff heldt til å slå alle, unnateke norske Tarjei Bø. Seinare i meisterskapen gjekk han tredje etappe for Russlands sølvlag i 4 x 7,5 km stafett, dei andre på laget var Anton Sjipulin, Jevgenij Ustjugov og Ivan Tsjerezov.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]