Malayarkipelet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Malayarkipelet, tidligere også kalt Malaysia

Malayarkipelet viser til øyane i Søraust-Asia, tidlegare også kalla Ostindia, dei austindiske øyane, Malaysia eller Malaisia.[1]

Nemninga «Malaysia» kom i bruk på 1800-talet.[2][3][4] Namnet blei lagt fram av den franske utforskaren Jules Dumont d'Urville, som i eit føredrag i Société de Géographie i Paris i 1831 føreslo å dela Oseania inn i fire delar: Polynesia, Mikronesia, Melanesia og Malaysia, det vil seia øyane vest for Ny-Guinea.[5] med til Malaysia rekna ein Sundaøyane, med dei store Sundaøyene Java, Borneo, Sumatra og Sulawesi, Dei små Sundaøyane frå Bali til Timor og Molukkane og Filippinane. Seinare er også Malayahalvøya teken med, ettersom ein rekna område der det budde malayisktalande folk, i området mellom Bak-India, Ny-Guinea og Australia, med til Malaysia.[6]

Namnet Malaysia blei i 1963 teke i bruk av forbundsstaten Malaysia, som bestod av område på Malayahalvøya og Borneo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Navn på stater og en del viktigere landområder. Skrivemåten av utenlandske geografiske navn, Oslo: Cappelen, 1932, s. 26.
  2. Geelmuyden, I.: Lærebog i Geografien til Skolebrug, Christiania: Malling, 1851, s. 408ff.
  3. Geelmuyden, I.: Geografi for Begyndere, 3. utgave, Christiania: Malling, 1856, s. 131f.
  4. Daa, Ludvig Kr.: Udtog af Geografien, 5. utgave, Kristiania: Abelsted, 1875, s. 151.
  5. Lansdown, Richard (red.): Strangers in the South Seas. The Idea of the Pacific in Western Thought, Honolulu: University of Hawaii Press, 2006, s. 219.
  6. Familieboka. 4: G-Instinkter, 2. utgave, Oslo: Aschehoug, 1950, s. 527.