Malha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°45′08.5″N 35°10′55.2″E
Malha
bydel
Malha1.JPG
Malha i 2007
Land Flag of Israel.svg Israel
By Jerusalem
Koordinatar 31°45′08.5″N 35°10′55.2″E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Malha

Malha (hebraisk מלחה) er ein bydel sørvest i Jerusalem i Israel, mellom Pat og Kiryat Hayovel. Før 1948 var Malha ein palestinsk arabisk landsby kalla al-Maliha (arabisk المالحه). Det offisielle hebraiske namnet på nabolaget er Manahat (hebraisk מנחת) kalla opp etter den bibelske byen Manahath, medan innbyggjarane i Jerusalem held fram å kalle han Malha.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1596 var al-Maliha ein del av Det osmanske riket i Jerusalem nahiya (nahiyah) under Jerusalem liwa, med eit folketal på 286. Han betalte skatt for kveite, bygg og oliven- og frukttre, geiter og bikubar.[1]

Seint i 1870-åra vart landsbyen skildra som moderat stor, og låg på ein flat rygg. I sør låg Ayn Yalu.[2]

1948[endre | endre wikiteksten]

I den arabisk-israelske krigen i 1948 vart landsbyen al-Maliha, med eit folketal på 2 250, okkupert som ein del av slaget om det sørlege Jerusalem.[3] I den tidlege delen av krigen signerte Al-Maliha, i lag med al-Qastal, Sur Baher og Deir Yassin, ein ikkje-åtaksavtale med Haganah.[4] Den 12. april 1948, etter Deir Yassin-massakren, byrja innbyggjarar i al Maliha, Qaluniya og Beit Iksa å flykte i panikk.[5] Irgun gjekk til åtak på Malha tidleg om morgonen den 14. juli 1948. Fleire timar seinare, gjekk palestinske arabarar til mottåtak og tok ein av dei befesta stillingane. Då Irgun fekk forsterkingar, trekte palestinarane seg attende og Malha var under jødisk kontroll, men 17 Irgun-soldatar vart drepne og mange skadde.[treng kjelde] Dei arabiske innbyggjarane flykta til Betlehem, som var under jordansk kontroll. Dei fråflytta heimane vart busett av jødisk flyktningar frå Midtausten, hovudsakleg Irak. Noko av landområda i Malha hadde blitt kjøpt før staten vart oppretta av familien Valero, ein familie av sefardiske jødar som eigde mange eigedomar i Jerusalem og området rundt.[6]

Etter 1948[endre | endre wikiteksten]

Det første palestinske fedayeen-raidet i Israel fann stad i november 1951 i Malha, då kvinna Leah Festinger vart drepen av infiltratørar frå Shuafat, som då var ein del av Jordan.[7]

I dag[endre | endre wikiteksten]

Med vern frå Jerusalem kommune, vart bydelen modernistert og store bustadprosjekt vart starta på den nærliggande åsen og på austsida. Nedst i åsen ligg Malha kjøpesenter, Teddy stadion og Jerusalem Malha jernbanestasjon. Malha vert i dag rekna som eit finare strøk. Av skular her finn ein yrkesskule (ORT) og ein grunnskule, Shalom-skulen. Jerusalem teknologipark husar mange føretak, inkludert høgteknologiselskap og internasjonale mediakontor.[8] Jerusalem bibelske dyrehage og Malha Basketball Arena ligg òg i Malha.

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske utgravingar i området i 1987-1990 avdekka to store jordbrukslandsbyar frå bronsealderen, bygd over kvarandre. Ein trur at den eine var Manahat, ein kanaanittisk by ved den nordlge grensa til Judea (Joshua 15:59).[9] Restane av landsbyen er bevart i den bibelske dyrehagen.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hütteroth, Wolf-Dieter and Kamal Abdulfattah (1977), Historical Geography of Palestine, Transjordan and Sør Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. s. 118. Quoted in Khalidi, 1992, s.304
  2. Conder and Kitchener, 1881, III:21. Quoted in Khalidi, 1992, s.304
  3. Palestinsk statistisk sentralbyrå
  4. Morris, Benny, (second edition 2004 third printing 2006) The Birth Of The Palestinian Refugee Problem Revisited, Cambridge University Press, ISBN 0-521-00967-7 s. 75 og s. 91
  5. Morris, Benny, (second edition 2004 third printing 2006) The Birth Of The Palestinian Refugee Problem Revisited, Cambridge University Press, ISBN 0-521-00967-7 s. 239
  6. Sephardi entrepreneurs in Jerusalem: The Valero family, 1800-1948, Joseph B. Glass, Ruth Kark
  7. Ynet Encyclopedia
  8. Malha Technological Centre
  9. 9,0 9,1 Nahal Refa-im - kanaanite bronze age villages near

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Mal:Bydelar i Jerusalem