Malkit Singh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Malkit Singh
Malkit Singh.jpg
Malkit Singh (lengst til høgre) og bandet hans, Golden Star, på Mela i London i august 2005.
Foto: Jan van der Crabben
Fødd13. september 1962
FødestadHussainpur
OpphavIndia
Aktiv1986–
SjangerBhangra
Instrumentvokal
PlateselskapOriental Star Agencies
Verka somsinger-songwriter, songar
PrisarMedlem av Den britiske imperieordenen

Malkit Singh (fødd 13. september 1962) er ein panjabisk bhangrasongar som er særleg kjend for songane «Gur Nalo Ishq Mita», «Tootak Tootak Tootiyan», «Kurri Garam Jayee» og «Chal Hun». Vestlege lyttarar kjenner gjerne Singh att for songen «Jind Mahi» frå lydsporet til Bend It Like Beckham.

Da Malkit Singh var berre fire år gammal, vart han teken opp ved ein skule for seksåringar. Sidan den tid har han alltid hatt eit forsprang på konkurrentane sine, og han har teke den karakteristiske panjabiske bhangramusikken til nye, tidlegare uutprøvde felt. Arbeidet hans er prega av crossover, og han har kombinert den panjabiske kvardagslege bhangraen med rapmusikk og house, så vel som meir tradisjonell musisering i hindifilmar. Singh reknar Nusrat Fateh Ali Khan som éin av mentorane sine.

Singh og bandet hans, Golden Star, har turnert i 27 land.

Prisar og anerkjenning[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1986 – Nach Gidde Vich
  • 1987 – I Love Golden Star
  • 1988 – Put Sadaren De
  • 1988 – Chott Nigary Lawo
  • 1988 – Up Front
  • 1989 – Fast Forward
  • 1989 – Hai Shava
  • 1990 – Dhotakada Bai Dhotakada
  • 1991 – Ragga Muffin Mix
  • 1991 – Gal Sun Ja
  • 1992 – Tere Ishq Nachiyanv
  • 1992 – Singho Ho Jo Kathe
  • 1993 – Chak De Dholia
  • 1994 – Midas Touch
  • 1995 – Forever Gold
  • 1997 – Akh Larr Gayee
  • 1999 – Malkit Millennium Mixes “Kini Sohni”
  • 2000 – Nach Nach
  • 2000 – Kudi Patole Wargi
  • 2000? – Murh Watna Nu Jana
  • 2001 – Paaro
  • 2001 – Mighty Boliyan
  • 2003 – Midas Touch II
  • 2005 – 21st Chapter Nachna Aaj Nachna
  • 2009 – Billo Rani
  • 2014 – Sikh Hon Da Maan
  • 2017 – Midas Touch 3

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]