Tonsill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For steinfrukta som veks på mandeltre, sjå Mandel.
Frå toppen: blaut gane, ganemandlane, drøvel og tunge.
Frå høgre mot klokka: nasehòle, hard gane, svelgmandel, nasesvelg, blaut gane, drøvel, ganemandel, munnsvelg, tunge, tungemandel og strupesvelg.
Illustrasjon som visar framsida av mandlane. Frå tunga mot klokka: tunge; drøvel; svelgmandel; blaut gane; ganemandlar.

Mandlar eller tonsillar er samlingar av lymfatisk vev som ligg øvst i nasesvelget.[1] Mandlane inngår i ei ringforma innretning av lymfatisk vev kjent som Waldeyers ring, som omfattar svelgmandelen, to tonsilla tubaria, to ganemandlar og to tungemandlar.

I daglegtale plar ein å bruke mandlar når ein snakkar om ganemandlane. Ganemandlane er store samlingar av lymfatisk vev på begge sidene bakerst i svelget. Ganemandlane og svelgmandelen er samansett av lymfocyttisk epitelvev og ligg i nærleiken av munnsvelget og nasesvelget.

Når ein fjernar mandlane er det i hovudsak ganemandlane som blir fjerna, men hjå barn er det vanleg å samstundes fjerne svelgmandelen.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Det finst fire slag av mandlar hjå menneske.

Type Epitelvev Kapsel Krypter Område
Svelgmandel (òg kalla «adenoide vegetasjonar», «falske mandlar»,
«adenoidar»[notat 1]) eller «barnepolyppar»
Einlaga sylindrisk epitel med flimmerhår (respiratorisk epitel) Ufullstendig innkapsla Nei Taket av svelget
Tonsilla tubaria Einlaga sylindrisk epitel med flimmerhår (respiratorisk epitel) Taket av svelget
Ganemandlar
(«ekte mandlar»)
Ikkje-keratinisert fleirlaga plateepitel Ufullstendig innkapsla Lange, forgreina[2] Langs sidene av munnsvelget mellom ganebogane (arcus palatoglossus
og arcus palatopharyngeus
Tungemandlar Ikkje-keratinisert fleirlaga plateepitel Ufullstendig innkapsla Lange, Uforgreina[2] Bak sulcus terminalis linguae

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Mandlane plar å vere størst kring puberteten, men vil gradvis atrofiere i laupet av livet. Dei er likevel størst hjå små barn med omsyn til tverrmålet i svelget.

Funksjon[endre | endre wikiteksten]

Desse immunkompetente veva er immunsystemet si fyrste forsvarlinje mot svelgd eller innanda patogen. Dei grunnleggjande immunologiske rollene er likevel ikkje forstått.[3][4] Éin teori gjer framlegg om at mandelkryptene og tonsillolittane kan fungere som kulturområder der bakteriar og virus kan vekse, i liksap med ei petriskål, slik at immunsystemet får tid til å danne spesifikke antistoff før dei infiserar organismen, og/eller for å danne nyttige metabolittar.

Nylig forsking har gjeve prov for at mandlane dannar T-celler på ein liknande, men ikkje heilt lik måte som brisselen gjer.[5]

Klinisk relevans[endre | endre wikiteksten]

Mandlane kan verta svolne (adenotonsillær hyperplasi) eller betente (tonsillitt), og kan trenge kirurgisk fjerning (tonsillektomi). Tonsillektomi kan vere ei naudsynleg åtgjerd viss dei tettar luftvegane eller forstyrrar normal svelging, eller viss personen ofte har halsbetennelse. Litteraturen har skildra ulike patogenetiske mekanismar ved tonsillær hypertrofi,[6] og dei ulike typane kan svare ulikt på identisk terapi. Asymmetriske mandlar hjå eldre pasientar kan tyde på virusinfeksjon i mandlane, eller svulstar som til dømes lymfom eller plateepitelkreft.

Halsbetennelse er ein tilstand der mandlane er betente (såre og svolne). Den vanlegaste behandlinga er med ikkje-steroide antiinflammatoriske lækjemiddel som ibuprofen. Ved bakteriell infeksjon brukar ein antibiotika som til dømes amoksicillin og azitromycin. Alvorleg og residiverande halsbetennelse blir ofte behandla med tonsillektomi.[7][8]

Ein tonsillolitt (mandelstein) er materiale som samlar seg på mandelen. Dei kan verte på størrelse med eit peparkorn og er kremaktige eller kvite på farge. Hovudstoffet i tonsillolittar er kalsium, men dei kan òg få ei vond lukt som mellom anna skuldast hydrogensulfid, metylmerkaptan og andre kjemikaliar.

Svolne mandlar kan ha innverknad på talen slik at den blir hypernasal og lyder av velofaryngeal insuffisiens (når rommet i munnen ikkje er skikkeleg fråskild frå luftrommet i nasa).[9] Mandelstorleik kan ha større innverknad med omsyn på øvre luftvegsobstruksjon hjå overvektige barn enn hjå barn av gjennomsnittleg vekt.[10]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nokre forfattarar snakkar om to svelgmandlar/adenoidar i staden for éin. Dei reknar då halvdelane i mandelen som eigne delar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tonsil» Stedman's Medical Dictionary
  2. 2,0 2,1 Lymphatic system Suny Downstate Medical Center
  3. «Study on functions of tonsils in mucosal immune system of the upper respiratory tract using a novel animal model, Suncus murinus» - Journal of the Wakayama Medical Society. 52 (4). s. 361-367 (2001)
  4. «Tonsils and adenoids are immune system glands...» [Harvard Medical School Family Health Guide - Page: 1006 ] - 1995
  5. «Tonsils Make T-Cells, Too, Ohio State Study Shows». Ohio State University, Comprehensive Cancer Center. 4. mars 2012. http://cancer.osu.edu/mediaroom/releases/Pages/TONSILS-MAKE-T-CELLS.aspx. Henta 27. mars 2014. 
  6. «Circulating phospholipase-A2 activity in obstructive sleep apnea». International Journal of Pediatric Otorhinolaryngology 76 (4): 471–4. 2012. 
  7. Udayan K Shah, MD, Associate Professor of Otolaryngology-Head and Neck Surgery, Jefferson Medical College, Thomas Jefferson University; Director, Fellow and Resident Education in Pediatric Otolaryngology, Attending Surgeon, Division of Otolaryngology, Nemours-AI duPont Hospital for Children
  8. «Tonsils and Adenoids» MedlinePlus. U.S. National Library of Medicine, National Institutes of Health.
  9. Mora R, Jankowska B, Mora F, Crippa B, Dellepiane M, Salami A. (2009). «Effects of tonsillectomy on speech and voice». J Voice. 23(5): 614-8.
  10. Wang, JH; Chung, YS, Cho, YW, Kim, DY, Yi, JS, Bae, JS, Shim, MJ (April 2010). «Palatine tonsil size in obese, overweight, and normal-weight children with sleep-disordered breathing». Otolaryngology--head and neck surgery : official journal of American Academy of Otolaryngology-Head and Neck Surgery 142 (4): 516–9.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]