Mandrill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mandrill
Mandrillhann
Mandrillhann
Mandrillhoe
Mandrillhoe
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Mandrill
Utbreiinga av Mandrill
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Primatar Primates
Familie: Dyreapar Cercopithecidae
Slekt: Mandrillus
Art: Mandrill M. sphinx
Vitskapleg namn
Mandrillus sphinx

Mandrillen (Mandrillus sphinx) er ein primat i dyreapefamilien.

Han har ein kraftig kropp med blåe til purpurraude seteputer hjå vaksne hannar, med ein noko mattare farga hjå hoer. Pelsen er spragla olivenbrun på oversida og er noko lysare på undersida. Hannane har kraftige fargar i andletet, ein raud og lang nase, blåe kinn med fòrer og gult skjegg. Ungdyr og hoer har liknande men mattare fargar. Kroppslengda er 80 cm, halen er 7 cm lang, vekta 25–50 kg hjå hannar og kring 11 kg hjå hoer.

Mandrillen lever i større flokkar i ope skoglende og et frukter, frø, sopp, røter, insekt og småe pattedyr. Arten finst i Vest-Afrika og i Kamerun, Gabon, Kongo og Ekvatorial-Guinea. Han er utrydningstruga.

Mandrillen er den mest kjønnsdimorfe primaten og ein av dei mest kjønnsdimorfe pattedyra. Vaksne hannar er 3,4 gonger so tunge som vaksne hoer.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Setchell, Joanna M (2016). «Sexual Selection and the differences between the sexes in Mandrills (Mandrillus sphinx. American Journal of Physical Anthropology 159: 105. doi:10.1002/ajpa.22904. 
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.