Mangystau oblast
Маңғыстау облысы Mangystau oblast | ||||
Våpen | Plassering | |||
| ||||
Koordinatar | Koordinatar: | |||
Tidssone | UTC+5 | |||
Administrasjon | ||||
Land | ![]() | |||
Hovudstad | Aktau | |||
Akim | Krymbek Kusjerbajev | |||
Inndeling | ||||
– Raionar | 4 | |||
– Byar | 9 | |||
Statistikk | ||||
Areal [1] | 165 600 km² | |||
Folketal | 373 400 (12/2006)[1] | |||
- Folketettleik | 2 /km² | |||
Anna informasjon | ||||
Postnummer | 130000 | |||
Retningsnummer | +7 (729) | |||
Bilnummer | R | |||
Nettside | http://www.mangystau.kz/ |
Mangystau (kasakhisk Маңғыстау облысы) er eit oblast i Kasakhstan. Hovudstaden er Aktau, som har 154 500 innbyggjarar (2004) og sjølve oblastet har om lag 373 400 innbyggjarar.
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Oblastet ligg sørvest i landet og inkluderer mellom anna Mangysjlakhalvøya. Det meste av den kasakhstanske kysten av Kaspihavet ligg her. I tillegg grenser oblastet til landa Turkmenistan og Usbekistan. Av grenseoblast finn ein Aktobe oblast og Atyrau oblast. Det har eit areal på 165 600 km². I tida under Sovjetunionen vart det oppdaga petroleumsførekomstar i området og mykje av området vart industrialisert.
Mangystau har mange forskjellige landskap og ørkenland som Den kaspiske senkinga, Ustiurtplatået, Mangysjlak, Kendirili-Kajasan og ørkenar. Det høgaste punktet er fjellet Otpan på 556 meter over havet, medan det lågaste er Karagije, som ligg heile 132 meter under havnivå.
Klima[endre | endre wikiteksten]
Klimaet nord i Mangystau er kaldt om vinteren, særleg på Ustiurtplatået, som hovudsakleg ligg over havnivå. Klimaet er generelt kontinentalt med kalde vintrar og milde somrar. Middeltemperaturen i januar er -3 ºC og i juli 26 ºC. Det kjem særs lite nedbør i løpet av året, normalt rundt 150 mm.
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Mangystau Province» frå Wikipedia på engelsk, den 16. januar 2008.