Manifest senter for samfunnsanalyse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Manifest Tankesmie, òg kalla Manifest senter for samfunnsanalyse, er ei norsk venstreorientert tankesmie som vart starta i 2009. Senteret vart initiert av Stiftelsen Manifest og rapporterer til eit styre leia av Roar Eilertsen.

Føremål, finansiering og organisering[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje føremålsparagrafen skal senteret setja dagsorden i norsk politikk gjennom eit kunnskapsbasert, folkeleg opplysningsarbeid. Manifest Tankesmie skal dokumentera samfunnsproblem, analysera årsaker og lansera løysingar som fremjar deltaking, demokrati og rettferd.

Senteret er finansiert gjennom ei abonnementsordning.[1] Klubbar, fagforeiningar, sentrale forbund og sammenslutningene LO og UNIO er abonnentar. I tillegg gav Fagforbundet 500 000 kroner i oppstartsstøtte i 2009.

Tankesmia støttar seg til eit fagligpolitisk råd som er valt av abonnentane.[2]

Verksemd[endre | endre wikiteksten]

Tankesmia publiserer rapportar, notat, pamflettar, driv omfattande foredragsverksemd og deltek i samfunnsdebatten gjennom massemedia. Manifest Tankesmie arrangerer opne møte, debattar og Manifest Årskonferanse, som årleg samlar rundt 900 deltakarar på Sentrum Scene i Oslo.

Nettidsskriftet Manifest Tidsskrift er ein frittståande del av verksemda til tankesmia. Redaktør er Ellen Engelstad, som driv etter redaktørplakaten.

Leiing[endre | endre wikiteksten]

I oktober 2014 vart Cathrine Sandnes leiar av tankesmia og Forlaget Manifest.[3] Ho overtok sidan tidlegare leiar Ali Esbati vart vald inn i Riksdagen for Vänsterpartiet.[4] Frå august 2017 er Magnus Marsdal tilsett som dagleg leiar.[5]

Daglege leiarar:

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Finansiering» på Manifest Nettsidene til tankesmie
  2. «Fagligpolitisk råd» på Manifest Nettsidene til tankesmie
  3. dagbladet.no
  4. e24.no
  5. «Kamp om nasjonalstaten». Klassekampen. 01.03.2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]