Mannaask

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mannaask
Mannaask
Mannaask
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Mannaask
Utbreiinga av Mannaask
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Oliventrefamilien Oleaceae
Slekt: Askeslekta Fraxinus
Art: Mannaask F. ornus
Vitskapleg namn
Fraxinus ornus

Mannaask (Fraxinus ornus) er eit lauvfellande tre i oliventrefamilien. Arten er utbreidd frå Spania i vest til Tyrkia, Armenia og Libanon i aust og nordover til Austerrike, Tsjekkia og Polen.[1][2]

Mannaask blir opptil 20 m høg og har glatt, grå bork. Blada er motsette og finna med 5–9 mørkegrøne småblad. Blomsae spring ut samtidig med blada og er kvite og duftande; dei sit i tette, kjegleforma, endestilte klasar. Pollineringa blir utført av insekt, hovudsakleg blomsterfluger og små biller, men noko pollen blir spreidd med vinden. Frukta er ei nøtt med venge (samara).[3][4][5][6]

Blomen har eit fruktemne, to pollenberarar og fire smale kronblad som er 5–6 mm lange. Hjå litt over halvparten av trea er fruktemnet redusert slik at blomane fungerer som hannblomar, medan resten har tvikjønna blomar. Dette kjønnssystemet er kjend som androdiøci. Det er sjeldan blant dei fleste plantar, men finst hjå fleire artar i oliventrefamilien.[6][7]

Arten veks i skog, maquis, ravinar og på steinete stader.[3]

Om ein skjer i borken, renn det ut saft som inneheld søtstoffet mannitol. Både sevja og borken er blitt brukt til medisin. Safta er søt og nærande, og er blitt brukt under rekonvalesens. Ho kan også brukast til å maskera dårleg smak i annan medisin. Ho er også tradisjonelt blitt brukt som eit mildt avføringsmiddel.[8][1] Safta har gjeve namn til treet, fordi ein frå mellomalderen likna henne med manna frå bibelsoga.

Mannaask blir også brukt som prydtre, planta i hagar, parkar og langs gater nord til Dei britiske øyane. Det er også blitt dyrka i Noreg, men blir då berre ein busk.[5]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 FRAXIGEN (2005). «Chapter 6: Fraxinus ornus (manna ash)». Ash species in Europe: biological characteristics and practical guidelines for sustainable use (PDF). Oxford Forestry Institute, University of Oxford. s. 87–108. ISBN 0-85074-163-7. 
  2. «Fraxinus ornus». Flora Europaea. Henta 9. mars 2015. 
  3. 3,0 3,1 M. Blamey og C. Grey-Wilson (2004). Wild Flowers of the Mediterranean (2 utg.). A & C Black. s. 174. ISBN 0-7136-7015-0. 
  4. O. Polunin og A. Huxley, norsk utgave P. Sunding (1978). Middelhavsflora. NKI-Forlaget. s. 141. ISBN 82-562-0490-7. 
  5. 5,0 5,1 A. Mitchell, oversatt av I. Gjærevoll (1977). Trær i skog og hage. Tiden. s. 379–380. ISBN 82-10-01282-7. 
  6. 6,0 6,1 «Flowering biology of Fraxinus ornus L.». Oleaceae information site. Henta 9. mars 2015. 
  7. B. Dommée m.fl. (1999). «Androdioecy in the entomophilous tree Fraxinus ornus (Oleaceae)». New Phytologist 143 (2): 419–426. ISSN 1469-8137. doi:10.1046/j.1469-8137.1999.00442.x. 
  8. «Manna-ask». Urtekildens planteleksikon. Henta 5. oktober 2015.