Mapam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Mapam – Det sameinte arbeidarpartiet – var etterkomaren etter venstrefløya av det sionistiske arbeidarpartiet Poale Sion i Russland. Det vart danna i 1948 ved samanslåinga av dei sosialistiske gruppene Hashomer Hatzair og Achdut Ha'Avoda, og var ein aktiv deltakar i israelsk politikk til 1990-åra. Det representerte venstrefløya av kibbutzrørsla og etterfølgde på denne måten Hashomer Hatzair som hadde vore aktiv sidan 1920-åra.

Mapam var opphavleg prosovjetisk, til rettssakene mot leiande jødiske kommunistar i Tsjekkoslovakia i 1953 og Mapams utsending i den tsjekkoslovakiske hovudstaden vart påstått å vere med i ei sionistisk samansverjing med desse. Sidan utvikla Mapam seg i meir sosialdemokratisk retning. Ei gruppe av Mapam-medlemer med Moshe Sneh i brodden reagerte på brotet med Sovjetunionen med å gå over til Maki, kommunistpartiet.

Mapam vart med i regjering saman med Mapai (no Avoda, Det israelske arbeidarpartiet) frå 1955. I 1969 gjekk dei eit steg vidare og vart med i ein fast valallianse med Arbeidarpartiet. Men i 1984 gjekk Mapam ut av denne alliansen og ut av regjeringa i protest mot at Avoda med Shimon Peres i brodden skipa ei samlingsregjering med høgrepartiet Likud.

I 1992 skipa Mapam det nye freds- og venstrepartiet Meretz saman med venstregruppene Ratz og Shinui. Dette sekulære og demokratisk-sosialistiske partiet heiter no Meretz-Yachad.

Ein av dei mest kjende Mapam-profilane opp gjennom tida er Simha Flapan (1911-1987), som er mest kjend for å ha gitt ut boka The Birth of Israel, Myths and Realities.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. [Flapan, S. (1987). The Birth of Israel, Myths and Realities. New York.]