Marcha Real

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

La Marcha Real ('Kongemarsjen') er nasjonalsongen i Spania. Han er ein av få slike songar som ikkje har fastsett tekst.

Marsjen er òg ein av dei eldste i Europa, ettersom han blir nemnd for første gong i 1761 i Libro de Ordenanza de los toques milietares de la Infantería Españolaav Manuel de Espinosa. Her er partituret skrive ned under namnet «Marcha Granadera» eller «Marcha de Granaderos», utan kjend forfattar.

Karl III av Spania erklærte La Marcha de los Granaderos som offentleg æresmarsj i 1770 og fekk stykket framført i offentlege og høgtidelege samanhengar. Ettersom han alltid blei spela ved offentlege tilstellingar der kongefamilien var til stades, tok spanjolane til å sjå på han som ein nasjonalsong og kalla han «Marcha Real».

Under den andre spanske republikken (1931–1939) var «El Himno de Riego» nasjonalsong, men då krigen tok slutt gjeninnførte Francisco Franco kongemarsjen som nasjonalsong, med den gamle tittelen «La Marcha Granadera».

Den noverande versjonen blei utforma av komponisten Francisco Grau etter at den spanske grunnloven frå 1978 var blitt godkjend.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]