Margitta Gummel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Margitta Gummel

Bundesarchiv Bild 183-K0627-0001-017, Margitta Gummel.jpg
Margitta Gummel i 1971

Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 29. juni 1941
Magdeburg i Sachsen-Anhalt i Aust-Tyskland
Idrett friidrett
Yrke kulestøter

Margitta Gummel (fødd Margitta Helmbold29. juni 1941) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Magdeburg som tevla internasjonalt i kulestøyt for Aust-Tyskland. Ho vart olympisk meister i øvinga i 1968, og tok tre sølvmedaljar i same øvinga i ulike europameisterskap og sommar-OL i tida 1966-72.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Gummel deltok i dei olympiske leikane i Tokyo i 1964 og vart nummer fem med eit støyt på 16,91 m. To år seinare tok ho sølvmedaljen i kuletevlinga i friidrets-EM 1966 i Budapest, slått av Nadesjda Tsjisjova frå Sovjetunionen. I 1967 sette Gummel austtysk rekord i Havanna med 17,69 m.

I OL-sesongen 1968 gjorde Gummel veldige framgangar frå kuleringen. Ho forbetra i september den nasjonale rekorden til 18,43 m, og kort etter sette ho verdsrekord med 18,87 m. I oktober vann ho gullmedaljen under dei olympiske sommarleikane i Mexico-byen. To gongar i OL-tevlinga forbetra ho verdsrekorden, fyrst til 19,07 m og så til 19,61 meter. Landskvinna Marita Lange fekk sølv og Nadesjda Tsjisjova bronse.

Den 11. september 1969 passerte Gummel 20-metersstreken med verdsrekordstøyte 20,11 m. Under EM i friidrett 1969 i Aten mista ho rekorden då Tsjisjova forsvarte EM-tittelen frå 1966 med ein støyt på heile 20,43 m, Gummel fekk sølv med 19,58 m i sluttprotokollen. To år seinare var Tsjisjova atter i ei klasse for seg og vann EM-gull i Helsingfors, medan Gummel hamna på bronseplassen med 19,22 m, tre cm bakom landskvinna Marita Lange.

I sin siste sesong, 1972, tok Gummel OL-sølv, den tredje ho fekk etter å ha vorte overgått av sin fremste konkurrent, Nadesjda Tsjisjova. Under sommar-OL 1972 i München braut Tsjisjova ei ny grense då ho sette verdsrekord med 21,03 meter og vart olympisk meister.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]