Marita Lange

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marita Lange

Bundesarchiv Bild 183-L0816-0368, Marita Lange.jpg

Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 22. juni 1943
Halle (Saale)
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Marita Lange (fødd 22. juni 1943) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Halle an der Saale som vann sølvmedaljar i kulestøyt under sommarleikane i Mexico-byen i 1968 og ved europameisterskapen 1971, dessutan EM-bronsar i 1966 og 1969. Ho representerte Aust-Tyskland.

Lange var ein av dei tre beste kulestøytarane i verda på kvinnesida i tida 1966-71, landskvinna Margitta Gummel og sovjetiske Nadesjda Tsjisjova dei andre. I alle dei fire store internasjonale meisterskapane i perioden måtte Lange sjå seg overgått av den eine, eller av begge desse utøvarane. Dermed ho enda opp med to sølvmedaljar og to bronsemedaljar i utandørsmeisterskapane. Våren 1969 vann derimot Lange kuletevlinga i innandørs-EM i Beograd. I 1970 vart ho austtysk meister i kulestøyt. Sin personlege rekord oppnådde Lange i Aust-Berlin den 25. august 1974 då kula landa på 19,40 meter. Ho la opp same hausten.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]