Nadesjda Tsjisjova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nadesjda Tsjisjova
Nadezhda Chizhova 1968.jpg
Fødd 29. september 1945
Usolje-Sibirskoje
Yrke friidrettsutøvar
Nadesjda Tsjisjova på Commons

Nadesjda Vladimirovna Tsjisjova (russisk: Надежда Владимировна Чижова) (fødd 29. september 1945) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Usolje-Sibirskoje i Irkutsk oblast i Russland. Ho tevla for Sovjetunionen og vart både olympisk og firfaldig europeisk meister i kulestøyt.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Tsjisjova dominerte kulestøyt-øvinga frå midten av 1960-talet til midt i 1970-åra. Ho forbetra verdsrekorden ni gongar og vart europameister fire gongar på rad; 1966, 1969, 1971 og 1974.

Under dei XIX. olympiske sommarsleikane 1968 i Mexico-byen fekk ho bronsemedaljen bakom dei to austtyskarane Margitta Gummel, gullmedaljør, og Marita Lange på sølvplass. Fire år seinare var Tsjisjova i toppform og tok OL-gullet i kulestøyt under OL 1972 i München, framom Margitta Gummel (sølv) og bulgarske Ivanka Khristova (bronse). I 1976 avslutta ho si tid som aktiv med å ta ein sølvmedalje under dei XXI. olympiske sommarleikane i Montréal, gullet gjekk til Khristova med Helena Fibingerová frå Tsjekkoslovakia fekk bronse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]