Marifjøra skipreide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Marifjøra skipreide var ei av atten skipreider i Sogn.[1] Namnet kom av strandstaden Marifjøra som var tingstad for skipreidet.

Geografisk femna ho om følgjande område, som no høyrer til Luster kommune:

Heile Gaupne sokn høyrde til Marifjøra skipreide fram til 1565, då sokna (unnateke Leirdal) vart overført til Luster skipreide, i samband med at Dale len vart skipa. Det er av den grunn at dei to naboskipreidene var så ujamne i storleik. På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag i begynninga av 1800-talet, og etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene. 1840 vart Leirdal overflytta til Luster tinglag.[2] 1890 vart så Marifjøra og Solvorn tinglag slegne saman til Hafslo tinglag, tilsvarande kommunen med same namn.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]