Luster skipreide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dale, ein gong tingstad i Luster skipreide
Foto: Per Olav Bøyum

Luster skipreide var ei av atten skipreider i Sogn.[1] Tidlegast kjende namnet er Dale skipreide, etter kyrkjestaden Dale som var tingstad, men etterkvar vart namnet skifta ut mot Luster (etter Lustrafjorden). Dale skipreide fanst òg i Sunnfjord.

Geografisk femna ho om fire kyrkjesokn som alle ligg i noverande Luster kommune:

Gaupne vart overflytta frå Marifjøra skipreide då Dale len vart skipa 1565. Det er av den grunn at dei to naboskipreidene er så ujamne i storleik.

Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet, og etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene. Einaste grenseendringa for Luster tinglag var at Leirdal 1840 vart overflytta frå Marifjøra tinglag, slik at sokne- og tinglagsgrensene fall saman.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]