Marija Itkina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marija Itkina
Maria Itkina 1964.jpg
Fødd 3. februar 1932
Roslavl
Yrke sprinter, friidrettsutøvar

Marija Leontjevna Itkina [a] (fødd 3. februar 1932) er ein sovjetisk-kviterussisk friidrettsutøvar frå Smolensk som tevla for Sovjetunionen. I tida 1954 til -64 vann ho mange meistertitlar på 200 m og 400 m, og sette fleire verdsrekordar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Itkina fekk sitt internasjonale gjennombrot då ho i EM 1954 i Bern vann 200 m på 24,3 sekundar og deltok på Sovjetunionen sitt sigrande lag på 4x100 m stafett. Året etter sette ho ein uoffiseill verdsrekord på 400 m med 53,9. Ho vart nummer sju på 200 m under OL i Melbourne hausten 1956.

I juni 1957 fekk Itkina notert ein offisiell verdsrekord på 54,0 i Minsk, og vel ein månad seinare ein ny på 53,6 i Moskva. Itkina vart så europmeister på 400 m under EM i friidrett 1958 i Stockholm, og fekk bronsemedaljen på 200 m. Den 12. september 1959 i Krasnodar forbetra ho verdsrekorden på 400 m til 53,4.

Under sommarleikane i Roma hamna Itkina på fjerdeplass i tre tevlingar; både på 100 m, 200 m og 4x100 m stafett. Ho vann sitt fjerde EM-gull då ho tangerte verdsrekorden sin på 400 m i Beograd i 1962. Itkina la opp etter å ha vorte nummer fem på 400 m under OL 1964 i Tokyo.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Russisk skrift Мария Леонтьевна Иткина

Kjelder[endre | endre wikiteksten]