Mario Kart DS
Mario Kart DS | |
Utviklar(ar) | Nintendo EAD |
---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo |
Produsent(ar) | Hideki Konno |
Serie | Mario Kart |
Plattform(er) | Nintendo DS |
Utgjeving | 25. november 2005 |
Sjanger | Resarspel |
Spelemodus | Einspelar, fleirspelar, nettspel |
Medium | Nintendo DS-spelkort |
Aldersgrense | PEGI: 3+ |
Mario Kart DS (マリオカートDS Mario Kāto DS) er eit resarspel for Nintendo DS, utvikla av Nintendo EAD og publisert av Nintendo. Det er det femte spelet i Mario Kart-serien, og det første Mario Kart-spelet der ein kan spela over internett gjennom Nintendo Wi-Fi Connection. Spelet vart gjeve ut i november 2005 i Nord-Amerika, Australia og Europa, og i desember 2005 i Japan.
I likskap med dei andre spela i Mario Kart-serien dreier spelet seg om at ymse figurar frå Mario-serien køyrer om kapp på ulike banar med tema basert på område frå dei mange Mario-spela.