Mario Kart Wii
| Mario Kart Wii | |||
| | |||
| Utviklar(ar) | Nintendo EAD | ||
|---|---|---|---|
| Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
| Distributør | Nintendo eShop | ||
| Produsent(ar) | Hideki Konno | ||
| Design(ar) | Yasuyuki Oyagi (direktør) Hideki Konno (produsent) | ||
| Serie | Mario Kart | ||
| Plattform(er) | Wii | ||
| Utgjeving | JP: 10. april 2008 EU: 11. april 2008 AUS: 24. april 2008 NA: 27. april 2008 | ||
| Sjanger | Resarspel | ||
| Spelemodus | Einspelar, fleirspelar, nettspel | ||
| Aldersgrense | PEGI: 3+ CERO: A ESRB: E OFLC: G | ||
| Medium | 1 Optisk Wii-plate | ||
| Stødde einingar | Wii-fjernkontroll, nunchuk, klassisk kontroll, GameCube-kontroll | ||
| Nettstad | https://www.nintendo.co.jp/wii/rmcj/ | ||
| Del av serien Mario Kart⠀ | |||
| ←Mario Kart DS⠀ · Mario Kart 7→ | |||
Mario Kart Wii (マリオカートWii Mario Kāto Wī) er eit resarspel for Wii, utvikla av Nintendo EAD og publisert av Nintendo. Det er det sjette spelet i Mario Kart-serien (sett bort ifrå dei to arkadespela), og det andre Mario Kart-spelet som tek Nintendo Wi-Fi Connection i bruk. Spelet vart lansert globalt gjennom april 2008, men eit år seinare i Sør-Korea. Til kvart eksemplar av spelet fylgjer det med eit Wii Wheel, som ein kan plassera Wii-fjernkontrollen inni for meir intuitiv og ordinær styring.
Nytt frå føregangaren, Mario Kart DS, femner motorsyklar og støtte for opp til tolv kappkøyrarar på nett. I likskap med dei andre spela i Mario Kart-serien går spelet ut på at forskjellige figurar frå dei mange Mario-spela køyrer om kapp på banar med tema frå ulike område i Mario-serien. Støtte for Nintendo Wi-Fi Connection lèt ein køyre om kapp med andre spelarar frå heile verda, og nett-tevlingar og resultat er tilgjengelege om ein festar Mario Kart-kanalen til Wii-menyen.