Mario Kart 8

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mario Kart 8
Mario Kart logo.png
Utviklar(ar)Nintendo
Utgjevar(ar)Nintendo
Regissør(ar)Kosuke Yabuki
Produsent(ar)Hideki Konno
Yasuyuki Oyagi
Komponist(ar)Shiho Fujii
Atsuko Asahi
Ryo Nagamatsu
Yasuaki Iwata
SerieMario Kart
Plattform(er)Wii U, Nintendo Switch
UtgjeveWii U
JP: 29. mai 2014
NA: 30. mai 2014
EU: 30. mai 2014
Nintendo Switch
28. april 2017
SjangerResarspel
SpelemodusEinspelar, fleirspelar

Mario Kart 8 er eit resarspel i Mario Kart-serien, utvikla og utgjeve av Nintendo. Det vart annonsert for første gong under E3 2013[1] og utgjeve internasjonalt til Wii U i mai 2014. Ei utvida utgåve av spelet, Mario Kart 8 Deluxe, vart utgjeven til Nintendo Switch i 2017.

Mario Kart 8 fokuserer, som tidlegare spel i Mario Kart-serien, på figurar i Mario-universet som køyrer om kapp i gokartar på varierte banar og nyttar ulike hjelpemiddel for å seinke motstandarane eller gje seg sjølve forsprang i kappløpet. Spelet introduserer seksjonar med antigravitasjon, som lèt spelarane køyre på vegger og tak. Det har spelemodusar for ein eller fleire spelarar, inkludert over internett via Nintendo Network.

Mario Kart 8 vart ein kritisk og kommersiell suksess då det vart gjeve ut. Utgåva til Wii U fekk fleire oppdateringar etter lanseringa, inkludert to samlepakker med ekstra innhald som ein kunne kjøpe. Desse pakkene inneheld mellom anna figurar og banar inspirert av spela i The Legend of Zelda og Animal Crossing-seriane.[2] Mario Kart 8 Deluxe til Nintendo Switch inkluderer innhaldet i originalspelet og dei to samlepakkene, i tillegg til ein utvida «Battle Mode» og nye figurar, mellom anna Inklings frå Splatoon. Det er det mestseljande spelet både på Wii U og Nintendo Switch, med høvesvis åtte millionar og seksten millionar selde kopiar.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mario Kart 8 announced for Wii U». Eurogamer. 11. juni 2013. Henta 26. mai 2019. 
  2. «Snart kan du spille som Link i Mario Kart 8». Gamer.no. 27. august 2014. Henta 26. mai 2019. 
  3. «IR Information: Sales Data - Dedicated Video Game Sales Units». Nintendo. Henta 26. mai 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]