Mario Matt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mario Matt
Mario Matt.jpg
Fødd 9. april 1979
Flirsch
Yrke alpinist
Mario Matt på Commons

Mario Matt (fødd 9. april 1979) er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar frå Zams i Tirol som har vunne to VM-gull og eitt OL-gull i slalåm over eit tidsrom på fjorten sesongar, 2001-14. Han vann dessutan eit VM-gull med Austerrike sitt lag i lagtevlinga under alpin-VM 2007. Storslalåmspesialisten Matt har vunne 14 slalåmrenn og ein superkombinasjon i verdscupen i alpine greiner.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Matt vann sitt fyrste verdscuprenn den 23. januar 2000, ein månad etter han debuterte i verdscupen. Den 15. desember 2013 steig han til topps på sigerspallen for 15. gong. I alt har han 42 pallplassar etter verdscuprenn. Bortsett frå ein siger i superkombinasjon i 2007 og ein andreplass i storslalåm, har alle pallplasseringane kome i slalåmtevlingar.

Matt har i alle år vore medlem av Ski Club Arlberg og under VM i alpine greiner 2001 i St. Anton am Arlberg vart han verdsmeister i slalåm og tok i tillegg sølvmedaljen i kombinasjonen. I 2007 var han i sitt livs form og sikra seg to VM-gull då VM i alpine greiner 2007 vart avvikla i svenske Åre. Slalåmtevlinga vann han med ein margin på over 1,8 sekundar, og i lagtevlinga fekk han æra av å renne Austerrike inn til siger, etter at Renate Götschl, Fritz Strobl, Michaela Kirchgasser, Benjamin Raich og Marlies Schild hadde lagt eit solid grunnlag for austerriksk triumf.

Etter å ha vorte nummer fire i spesialgreina i VM 2011 i Garmisch-Partenkirchen tok han steget opp på bronseplassen då slalåmtevlinga under VM i alpine greiner 2013 vart arrangert i Schladming. Under Vinter-OL 2014 viste Matt den største favoritten, landsmannen Marcel Hirscher, til sølvplassen i slalåm. Nærare 35 år gammal vart Matt den eldste som har vunne OL-gull i ei alpin skiøving. Han la vekk konkurranseskia i 2015.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar