Marit Fiane Christensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marit Fiane Christensen

Marit Fiane.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. desember 1980
Vestby
Idrett fotball
Yrke fotballspelar, advokat

Marit Helene Fiane Christensen (fødd 11. desember 1980) er ein norsk fotballspelar, gift Grødum i 2013. Ho har etter tur spelt for toppserieklubbane FK Larvik, Asker, Røa og sidan 2011 Amazon Grimstad. Frå 2003 har Christensen spelt 89 landskampar fram til hausten 2013. Ho spelar midtstoppar, kjend for solid defensiv organisering, god på hovudet og offensive løp.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Christensen debuterte for den nyskipa fotballklubben FK Larvik i 1997. I 2000-sesongen spelte klubben for fyrste gong i toppserien, men klarte ikkje unngå nedrykk. Klubben rykkte rett opp att. Christensen spelte for Larvik til 2002, og var med å sikre vidare toppseriespel til 2003. Sjølv gjekk ho over til toppklubben Asker, der ho spelte i 2003-sesongen.

Frå 2004 var ho Røa-spelar. I hennar fyrste sesong i Røa vann laget både serien og cupen, og deretter var ho delaktig i at klubben også vart serie- og/eller cupmeistrar i fem samfulle år, med unnatak for 2005. Christensen var gravid i mesteparten av 2009-sesongen, men kom tilbake i den lite suksessrike 2010-sesongen.

Christensen flytta til Arendal i 2010, og melde seg etterkvart til teneste for Amazon Grimstad. Ho spelte for Amazon i toppserien frå 2011 til 2013.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Christensen debuterte på landslaget den 16. mars 2003 i ein kamp mot USA. Frå 2005? var ho ein viktig aktør på midstopparplassen i landslaget, jamsides landslagskapteinen Ane Stangeland Horpestad. Den 21. oktober 2008 erklærte Christensen og fire andre Røa-spelarar; Marie Knutsen, Guro Knutsen, Lene Mykjåland og Siri Nordby seg ferdig med det norske landslaget grunna misnøye med landslagsleinga.

Etter Eli Landsem tok over som landslagssjef kom Christensen med att på det norske landslaget i 2010. I 2013 var ho med då Noreg tapte EM-finalen for Tyskland.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM-sølv 2005 og 2013 for Noreg.
  • Noregsmeister: 2004, 2006, 2008 med Røa IL
  • Seriemeister: 2004, 2007, 2008 med Røa IL

Kjelder[endre | endre wikiteksten]