Isabell Herlovsen
|
Isabell Herlovsen i oktober 2007 | |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Isabell Lehn Herlovsen | ||
| Fødselsdato | 23. juni 1988 (38 år) | ||
| Fødestad | Mönchengladbach i Vest-Tyskland | ||
| Høgd | 1,70 m | ||
| Posisjon | Angrep | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Våleranga | ||
| Nummer | 9 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| 2000–2004 | Kolbotn | ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar | (Mål) |
| 2004–2009 | Kolbotn | 95 | (48) |
| 2009–2010 | Olympique Lyon | 13 | (3) |
| 2011–2017 | LSK Kvinner | 108 | (100) |
| 2017 | Jiangsu Suning | ||
| 2018– | Vålerenga | 19 | (6) |
| 2019 | → Kolbotn (lån) | 17 | (8) |
| 2020– | Vålerenga | ||
| Landslag‡ | |||
| 2005– | Noreg | 133 | (67) |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 28. april 2020 ‡ Landslagsmål oppdatert 8. oktober 2019 | |||
Isabell Lehn Herlovsen (fødd 23. juni 1988) er ein norsk fotballspelar som har over hundre landskampar og som er mestskårande på det norske landslaget.[1] Ho vann EM-sølv i 2005.
Herlovsen er dotter av den norske tidlegare landslagsspelaren Kai Erik Herlovsen, og blei fødd i Mönchengladbach i Tyskland då han spelte for Borussia Mönchengladbach.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Herlovsen spelte seg til fast plass i Kolbotn-angrepet allereie i 2004, 16 år gammal. Her vart ho seriemeister i 2005 og 2006, samt cupmeister i 2007. Hausten 2006 var ho med då laget tok seg til semifinalane i Meisterligaen.
Hausten 2009 fekk ho kontrakt med franske Olympique Lyon. Ho var innbytar for Lyon i Meisterliga-finalen 2010, ein kamp som enda med tap etter at mellom andre Herlovsen ikkje fekk mål i straffeskytinga som fylgde 120 minuttars spel.
Opphaldet i Frankrike var lite vellukka, og vinteren 2011 melde ho seg inn norske LSK. Med klubben, som held til på Lillestrøm, vart ho seriemeister i 2012, 2014 og 2015. Både i 2014 og 2015 vann LSK også cupfinalen. Herlovsen vart kåra til årets spelar 2014.
I februar 2017 gikk ho til kinesiske Jiangsu FC ladies og vart ifølgje Romerikes Blad den dyraste kvinnelege fotballspelaren i landet.[2] Samtidig tok ho pause frå landslaget. Ifølgje Fredrikstad Blad vart ho matchvinnar i straffesparkkonkurransen som avgjorde cupfinalen mot Chang Chun.[3]
I desember 2017 kom nyhenda om at Isabell hadde signert ein treårskontrakt med Vålerenga Fotball Damer.[4] I 2018 trente ho åleine etter samarbeidsproblem, og vart lånt ut til moderklubben Kolbotn Fotball Kvinner, der ho vart toppskårar for laget i Toppserien 2019.[5][6] Frå 2020 var ho tilbake i Vålerenga.[7]
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Herlovsen debuterte på landslaget som 16-åring. Ho utmerkte seg i fleire kampar då Noreg i juni 2005 spelte seg fram til finalen i EM i fotball 2005. I sjølve finalen kom ho inn som innbytar i andre omgang, få minuttar før Tyskland la på til sluttresultatet 3-1. Også under VM i fotball 2007 og Sommar-OL 2008 fekk ho godt med speletid.
I EM i fotball 2009 tapte Noreg semifinalen 1-3 mot europameister Tyskland, etter at Herlovsen gav Noreg leiinga. Ho deltok i fotball-VM 2011 og 2015, medan skade heldt henne utanfor EM i fotball 2013.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Seriemeister i Noreg: 2005 og 2006 med Kolbotn
- Noregsmeister: 2007 med Kolbotn
- Fransk seriemeister: 2010 med Olympique Lyon
- Seriemeister i Noreg: 2012, 2014 og 2015 med LSK
- Noregsmeister: 2014 og 2015 med LSK
- Sølvmedalje i meisterligaen: 2010 med Olympique Lyon
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Fotballforbund, Norges, «Norge A-kvinner», fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk), henta 2020-09-15
- ↑ Herlovsen til kinesisk fotball i «Framtid i Nord» den 9. februar 2017.
- ↑ Stor cuphelt i Kina i Fredrikstad Blad den 21. juni 2017.
- ↑ Isabell klar for Vålerenga fra VIFs hjemmesider den 6. desember 2017.
- ↑ https://www.nrk.no/sport/valerenga-laner-ut-herlovsen-_-reagerer-pa-_feilaktige-og-grove-pastander_-1.14390680
- ↑ https://www.nrk.no/sport/herlovsen-i-bitter-konflikt-med-vif_-_-foler-de-presser-meg-til-a-legge-opp-1.14339689
- ↑ Isabell Herlovsen tilbake til Vålerenga: Leger alle sår i VG den 6. januar 2020. Referansefeil: Ugyldig
<ref>-kode; ugyldige namn, t.d. for mange
- Denne artikkelen bygger på «Isabell Herlovsen» frå Wikipedia på tysk, den 2. april 2016.