Marknad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein fortaus-marknad i Aix-en-Provence der det for det meste vert selt kunsthandverk.
Innandørs marknad der ein sel fisk og grønt i Singapore

Ein marknad (norrønt marknaðr av latin mercatus som tyder 'handel') er eit møte mellom dei som kjøper og dei som sel. Det kan vere på ein bestemt stad, til ei viss tid eller om ei viss vare. Marknad vert også nytta om den samla etterspurnad etter noko som til dømes kaffimarknaden og felt for økonomisk verksemd som arbeidsmarknaden eller pengemarknaden.

Regelmessige marknader har vore viktig for omsetninga av varer frå byrjinga av historisk tid. I nyare tid er slike marknader framleis viktige for mange samfunn rundt om i verda, men òg i Noreg som til dømes på Rørosmarknaden.

I dag er framleis tradisjonen med utandørsmarknader i live mange stader, der dei kan haldast dagleg eller med jamne mellomrom. I mange land har likevel permanente innandørs butikkar, kjøpesenter og supermarknader teke over for størsteparten av handelen.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Marknad

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Marked: møtested (20. august 2012), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 22. mars 2014.
Spire Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.