Marquis de Sade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marquis de Sade
Marquis de Sade by Loo.jpg
Fødd 2. juni 1740
Paris
Død

2. desember 1814
Saint-Maurice

Marquis de Sade på Commons

Donatien Alphonse François, kjend under sin adelstittel Marquis de Sademarki frå Sade»), (2. juni 17402. desember 1814) var ein fransk aristokrat, revolusjonær politikar, filosof og forfattar, namngjeten for sin normbrytande seksuelle aktivitet, avvikande meiningar og lettsindige livsstil. Verket hans omfattar romanar, novellar, skodespel, dialogar og politiske avhandlingar; i hans eiga tid vart ein del utgitt under hans eige namn, medan andre titlar vart utgjevne anonymt og han nekta for å vere forfattaren. De Sade er best kjend for sine erotiske verk som kombinerte filosofisk samtale med pornografi og skildra seksuelle fantasiar med ei vektlegging av vald, kriminalitet og blasfemi mot den katolske kyrkja. Han var også ein talsmann for ekstrem fridom, uhindra av moral, religion eller lovverk.

Marquis de Sade på norsk[endre | endre wikiteksten]

  • Justine, eller Dydens ulykker (originaltittel: Justine, ou Les infortunes de la vertu), omsett og med føreord av Jens Bjørneboe, Oslo 1991: Pax forlag. ISBN 8253015348
  • Filosofi på kammerset (originaltittel: La philosophie dans le boudoir, ou Les instituteurs immoraux), omsett av Erik Ringen. Sexus 3, Oslo 2002/2008: Spartacus Forlag. ISBN 8243002375; ISBN 8243002731; ISBN 9788243002739

Sadisme og sadist[endre | endre wikiteksten]

Omgrepa «sadisme» og «sadist» er avleidde frå hans namn.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!