Martha Johannessen
Martha Johannessen | |||
| |||
Fødd | 26. oktober 1907 Torsnes kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 4. september 1973 (65 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Martha Frederikke Johannessen (fødd 26. oktober 1907 i Torsnes, daud 4. september 1973) var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho representerte Østfold på Stortinget i fire periodar frå 1958.
I ungdomen jobba Johannessen som ekspeditør. Seinare var ho husmor. Etter andre verdskrig tok ho bibliotekutdanning og arbeidde som bibliotekar fram til ho vart fast innvald på Stortinget i 1958. I perioden 1954–57 var ho vararepresentant. I sine tre første periodar var ho medlem av Odelstinget og kyrkje- og undervisingskomiteen, i den siste av Lagtinget og sosialkomiteen. Ho døydde kort tid før utløpet av siste periode.
Johannessen var medlem av Torsnes kommunestyre og kommunen sin varaordfører frå 1956 til 1963 og medlem av Borge kommunestyre frå 1964 til 1967.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Terje Nordby (red.): Storting og regjering 1945–1985. Biografier, Kunnskapsforlaget 1985.
- Denne artikkelen bygger på «Martha Frederikke Johannessen» frå Wikipedia på bokmål, den 19. desember 2015.