Martha and the Vandellas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Martha and the Vandellas

Aktiv1963–
Sjangerrhythm and blues
PlateselskapMotown
PrisarRock and Roll Hall of Fame

Martha and the Vandellas (i perioden 1967 til 1972 Martha Reeves and the Vandellas) var ei av dei mest suksessrike gruppene til plateselskapet Motown Records sine mange artistar i perioden 1963–1967. I motsetnad til andre Motown-grupper, som The Supremes og The Marvelettes, var Martha and the Vandellas kjende for ein meir aggressiv rhythm and blues-lyd, som blant anna fann uttrykk i songane «(Love Is Like a) Heat Wave», «Jimmy Mack» og i signatursongen «Dancing in the Street».[1] Gruppa spelte inn innan sjangrane doo-wop, R&B, pop, blues, rock og soul.

Gruppa fekk 26 hittar i perioden frå 1963 til 1972. 10 av dei nådde Top 10 på Billboard si R&B-singelliste, og to av dei nådde førsteplassen. Tolv songar nådde Topp 40 på Billboard Hot 100, av desse var seks i Top 10, m.a. «Dancing in the Street», «Heat Wave», «Nowhere to Run» og «Jimmy Mack».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste åra (1957–1962)[endre | endre wikiteksten]

Dei to tenåringane Rosalind Ashford og Annette Beard møtte kvarandre då ein lokal musikkmanager hyra dei til ei jentegruppe som han kalla «The Del-Phis». Ashford og Beard saman med forsongaren i gruppa, Gloria Williams, opptredde på lokale klubbar, private arrangement, skolar m.v.[2][3][4] Ein av dei fyrste profesjonelle oppdraga deira var å syngja baggrundskor for Mike Hanks.[5] Gruppa hadde opphavleg seks medlemmer, men talet blei redusert til fire. Då endå eit medlem gjekk ut av gruppa i 1960 blei ho erstatta av songaren Martha Reeves, som hadde vore medlem av ei rivaliserande gruppe, The Fascinations, og av The Sabre-Ettes. Gruppa skreiv den fyrste platekontrakten sin i 1960, med Ser Records, og dette selskapet gav ut singelen «I'll Let You Know» med Reeves som forsongar. Singelen floppa. Etter dette spelte gruppa inn ein annan single på Checkmate Records (eit dotterselskap til Chess Records), den første innspelinga av «There He Is (At My Door)» med Williams som forsongar. Også den andre singelen blei ein flopp.

Reeves var skuffa over den manglande suksessen, og prøvde i staden ei kort tid å gå tilbake til ein solokarriere med mål om å oppnå platekontrakt med det framstormende plateselskapet i Detroit, Motown Records. Talentspeidaren Mickey Stevenson frå Motown såg Reeves ved ein konsert på ein klubb i Detroit, og tilbaud henne å koma på audition.[6] Reeves kom til Motown på feil dato, og den planlagde auditionen blei ikkje til noko. Stevenson bad i staden Reeves om å hjelpa til med diverse småoppgåver for han, og Reeves enda med å bli assistent for Stenvenson, og hadde ansvar for å avvikla auditionar for Motown.[7] I 1961 var Reeves tilbake i gruppa, der hadde skifta namn til The Vels, og som no medverka med å syngja bakgrunnsvokal for andre Motown-artistar som for Sandra Edwards (då Sandra Maulett) på songen «Camel Walk"» frå 1962 og same år på Marvin Gaye sin fyrste hitsingel «Stubborn Kind of Fellow».[8]

The Vels fekk høvet til å ha litt studietid då songaren Mary Wells med kort varsel måtte avlysa ein planlagd innspelingsdag på grunn av sjukdom. The Vels fekk lov til å bruka studiet i staden for, og spelte inn ein demo av «I'll Have to Let Him Go». Motown var så imponert av vokalane til gruppa – og Reeve sine evnar som forsongar – at stiftaren og direktøren av selskapet, Berry Gordy, tilbaud gruppa ein platekontrakt. Gloria Williams hadde ikkje lyst på eit liv i show business og gjekk derfor ut av gruppa, som heldt fram som ein trio med Ashford, Beard og Reeves, som heretter endra namnet på gruppa til «Martha and the Vandellas». Namnet «Vandella» var ein kombinasjon av to ting – Reeves budde i gata Van Dyke i Detroit,[9] og Reeves var fan av songaren Della Reese.[3] Gruppa skreiv kontrakt med Motown den 21. september 1962.[10]

Suksess ved Motown (1962–1967)[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha skrive kontrakt med Motown i 1962 fekk gruppa ein hitt med den andre utgjevinga si, «Come and Get These Memories». Dette var den fyrste songen skriven av songskrivar- og produksjonsteamet Holland-Dozier-Holland, og oppnådde 29. plass på Billboard Hot 100 og ein sjetteplass på Billboard si R&B-hittliste. Den neste singelen, «(Lover I Like a) Heat Wave» frå 1963, var òg skriven av Holland-Dozier-Holland. Denne blei ein kjempehitt for gruppa og for Motown. Han nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100 og låg på fyrsteplassen på R&B-lista i fem veker. Han blei den fyrste millionseljande singelen til gruppa, og skaffa dei den einaste nominasjonen deira til ein grammypris for «Best R&B Vocal Performance by a Duo or Group».

Suksessen fortsette med hitsingelen «Quicksand», som òg var skriven av Holland- Dozier- Holland, men Annette Beard var blitt gravid og skulle bli gifta, og ho bestemte seg derfor for å gje opp karrieren i gruppa i 1964.[11] Beard blei erstatta av Betty Kelly, som tidlegare hadde sunge i The Velvelettes. Dei to neste singlane, «Live Wire» og «In My Lonely Room», hadde mindre suksess.

31. juli 1964 gav gruppa ut singelen «Dancing in the Street», som blei den største hitten hennar. Singelen nådde andreplassen på Billboard Hot 100. Han blei også ein internasjonal suksess med 21. plass på UK Singles Chart. Songen blei gjeven ut att i 1969, og fekk mykje speletid på radiostasjonane, og blei igjen ein hitt i England, der han nådde fjerdeplassen på hitlistene. Det blei selt millionar av singelen, og han er ein av dei mest spelte songane gjennom tidene.[12]

I tida mellom 1964 og 1967 gav Martha and the Vandellas ut singlane «Wild One» (US #34), «Nowhere to Run» (US #8; UK #26), «You've Been in Love Too Long» (US #36), «My Baby Loves Me» (US #22; R&B #3), «I'm Ready for Love» (US #9; R&B #2; UK #29) og «Jimmy Mack» (US #10; R&B #1; UK #21), og etablerte The Vandellas som ei av dei viktigaste Motown-gruppene. Dei vitja ei rekkje populære tv-show, m.a. The Ed Sullivan Show, The Mike Douglas Show, American Bandstand og Shindig!.

Utskiftingar og uro[endre | endre wikiteksten]

I tida kring 1967 oppstod det usemje blant personane som var involvert i det inntil då suksessfulle Motown. Reeves sin mentor William «Mickey» Stevenson forlet selskapet i 1967, og året etter gjorde Holland-Dozier-Holland det same. På trass av desse utskiftingane heldt The Vandellas fram med suksessen sin med singlane «Lover Bug Leave My Heart Alone» (US #25; R&B #14) og «Honey Chile» (US #11; UK #30; R&B #5), som blei produsert av Richard Morris. I sommaren 1968 opptredde gjengen med The Supremes, The Temptations, The Four Tops og Marvin Gaye på nattklubben Copacabana i New York, men opptaka til eit livealbum blei sett vekk og ikkje gjevne ut.

Endringane ved Motown byrja likevel å visa seg, og Berry Gordy fokuserte på The Supremes og på planlegninga av solokarrieren til Diana Ross. Gordy hadde eit forhold til Ross, og fekk òg eit barn med henne. Det musikalske uttrykket til The Vandellas lei skade av dette, og gruppa måtte som ei rekkje øvrige Motown artistar (bortsett frå Marvin Gaye, The Temptations og Stevie Wonder) konstatera at publikumssmaken hadde endra seg mot slutten av 1960-åra.[6][13]

I tillegg til problema ved Motown var det òg interne problem i gruppa. Betty Kelly blei kasta ut av gruppa då ho ikkje hadde kome til konsertar og på grunn av gjentekne kranglar med Reeves, nokre av desse medan gruppa var på scenen.[6][14] Kelly blei sparka i 1968 og blei bytta ut med Martha Reeves si syster Lois.[14] Samstundes blei namnet til gruppa offisielt endra til Martha Reeves and the Vandellas. Dette stemde overeins med tilsvarande namneendringar hjå Motown-gruppene The Supremes og The Miracles, som òg fekk namnet på forsongaren inkludert. I denne perioden spelteVandellas inn «(We've Got) Honey Lover» og «Sweet Darlin'», i tillegg til «Taking My Love and Leaving Me», som blei laga utan medverknad frå Martha Reeves.

Dei siste åra (1969–1972)[endre | endre wikiteksten]

Reeves var kortvarig ute av gruppa kring 1968/69 grunna sjukdom, men kom tilbake igjen. Ashford blei bytta ut med eit anna tidlegare medlem av The Velvelettes, Sandra Tilley, og gruppa heldt fram med å gje ut album og singlar som endå ikkje hadde same appell til publikum som i stordomstida si i 1960-åra. Ho fekk ein mindre hitt med «I Can't Dance to That Music You're Playing», og gav i 1970 ut den kontroversielle anti-krigssongen «I Should Be Proud», som òg blei ein mindre hitt på R&B-hitlistene. Songen var den fyrste protestsongen gjeven ut av Motown, men singelen fekk ikkje karrieren til gruppa på eit nytt spor, og radiostasjonane byrja i staden å spela B-sida til signelen, «Love, Guess Who», som blei meir populær.

I 1971 fekk gruppa endå ein mindre hit med «Bless You», som var produsert av Jackson 5-produsentane The Corporation. Songen nådde 53.-plassen på Billboard si pophittliste, den høgaste plassen gruppa fekk i 1970-åra, og 29. plass på R&B-hitlista. «Bless You» var den fyrste hitten i Storbritannia sidan «Forget Me Not», og fekk ein 33. plass på hitlistene der. Etter to mindre R&B-hittar til («In and Out of My Life» (#22 US R&B) og eit Marvin Gaye-cover, «Tear It On Down» (#37 US R&B)) blei gruppa oppløyst etter ein avskjedskonsert halde i Cobo Hall i Detroit den 21. desember 1972.

Lineups[endre | endre wikiteksten]

The Del-Phis[endre | endre wikiteksten]

1960–1961

The Vels[endre | endre wikiteksten]

1961–1962

Martha and The Vandellas[endre | endre wikiteksten]

1962–1964
1964–1967

Martha Reeves & The Vandellas[endre | endre wikiteksten]

1967–1969
1969–1972

  • + – Rosalind Ashford, Annette Beard og Gloria Williams var medlemmer av The Del-Phis frå 1957. Martha Reeves blei fyrst med i gruppa i 1960.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Biografi på Rolling Stone Magazine
  2. The Original Vandellas
  3. 3,0 3,1 «Martha and the Vandellas Biography». Britannica.com. Arkivert frå originalen 13. august 2010. Henta 16. december 2010. 
  4. «Martha Reeves». TheSoulGuy.com. Arkivert frå originalen 10. maj 2008. Henta 16. december 2010. 
  5. martha
  6. 6,0 6,1 6,2 «Martha and the Vandellas». HistoryofRock.com. Henta 16. december 2010. 
  7. «Martha Reeves». General Entertainment.com. Arkivert frå originalen 24. februar 2011. Henta 16. december 2010. 
  8. Martha and the Vandellas. Ebony. februar 1968. Henta 16. december 2010. 
  9. Oldies Music, – Profiles[daud lenkje]
  10. Martha and the Vandellas Biography
  11. Warner, Jay, red. (2006). American Singing Groups: A History, From 1940 to Today. Hal Leonard. s. 584. ISBN 0634099787. Henta 16. december 2010. 
  12. Martha Reeves Without the Vandellas. Ebony. februar 1988. Henta 16. december 2010. 
  13. Gaar, Gillian G., red. (2002). She's a Rebel: The History of Women in Rock and Roll (Live Girls). Seal Press. s. 496. ISBN 1580050786. Henta 16. december 2010. 
  14. 14,0 14,1 «Martha Reeves». Encyclopedia.com. Henta 16. december 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Martha and the Vandellas