Marvin Minsky

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marvin Minsky i 2008.

Marvin Minsky (fødd 9. august 1927) er ein amerikansk matematikar.

Han var professor i matematikk ved Massachusetts Institute of Technology (MIT) frå 1958 til 1974, og professor i elektronikk same stad frå 1974 til 1989 og i mediavitskap sidan 1989. Han har mellom anna gjeve ut Computation (1967), Semantic Information Processing (1968) og The Society of Mind (1985). Minsky har medverka i stor grad i dei seinare fasane av utviklinga til datamaskinen, og særleg har han vore sentral innan forskinga på kunstig intelligens. Arbeidet hans har dessutan hatt stor innverknad både innan robotikk, kognitiv psykologi, lingvistikk og optikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]