Mathias Dugstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mathias Gotskalksson Dugstad (20. januar 18445. april 1929) var ein gardbrukar og stortingsmann frå Voss. Gotskalk Matiasson Seim var far hans.

Dugstad tok eksamen frå Voss høgare allmennskule. Han byrja likevel ikkje som lærar, folketeljinga 1865 viser at han arbeidde heime på farsgarden. Gardbrukar på farsgarden frå 1873 til 1906. Han var medlem av heradsstyret på Voss perioden 1876-1901, ordførar 1878-89. Medlem av forlikskommisjonen frå 1879 til 1906.

Dugstad representerte Søndre Bergenhus amtStortinget frå 1886 til 1897. Han var 1886-88 medlem av protokollkomiteen, 1889-97 av både Lagtinget og vegkomiteen. I 1893 var han med i den utvida jarnbanekomiteen og i 1897 i den utvida tollkomiteen. Han representerte Venstre i den fyrste valperioden, sidan 1889 var han medlem av det Moderate Venstre.

Han døydde på slektsgarden Dukstad i Voss i 1929.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914