Hopp til innhald

McCoy Tyner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
McCoy Tyner

McCoy Tyner i 1976.
Fødd11. desember 1938
FødestadPhiladelphia
Død6. mars 2020 (81 år)
DødsstadBergenfield
OpphavUSA
Sjangerjazz, postbop, progressiv jazz, ethno jazz
Instrumentpiano
PlateselskapImpulse!, Columbia Records, Elektra Records, Enja Records
Verka sompianist, bandleiar, komponist, dirigent, jazzmusikar, plateartist, musikar
PrisarNEA Jazz Masters

Alfred McCoy Tyner McCoy Tyner (11. desember 19386. mars 2020) var ein amerikansk jazz-pianist, komponist og bandleiar[1] som var kjend for sin store innverknad i John Coltrane Quartet, som han spelte med frå 1960 til 1965, og ein lang solokarriere etterpå.[2] Han blei utropt til NEA Jazz Master og vann fem grammyprisar. Tyner er blitt vidt imitert og er ein av dei meste kjennelege og innverknadsrike jazzpianistane til all tid.[3]

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

McCoy Tyner blei fødd 11. desember 1938[4][5] i Philadelphia i Pennsylvania i USA som son av Jarvis og Beatrice (f. Stevenson).[6] Han var den eldste i ein ungeflokk på tre. Da han var 13 år oppmoda mora han til å lære seg pianospel, og frå han var 15 heldt han konsertar med jazzgrupper. Han studerte ved West Philadelphia Music School og seinare ved Granoff School of Music.[7]

Tyner blei vidare oppmuntra til å studera piano blei styrka då han møtte bebop-pianisten Bud Powell, ein nabo av Tyner-familien.[8] Ein annan viktig innverknad på spelet til Tyner var Thelonious Monk, som påverka stilen hans med den perkussive tilnærminga si.[5] I tenåra sine leia Tyner si eiga gruppe, The Houserockers.[9]

17 år gamal konverterte han til ahmadiyya og tok namnet Sulaimon Saud,[10][11] men nytta det opphavlege namnet sitt som artistnamn.[8]

Tyner byrja spela profesjonelt i Philadelphia med lokale artistar som Lee Morgan og Jimmy Heath, og var del av det moderne jazzlivet i byen.[6][8] John Coltrane og McCoy Tyner møtte kvarandre første gongen i Philadelphia 1955 i, då dei spelte saman på klubben Red Rooster. Dei heldt kontakten og spelte i lag no og då, med ei semje om at om Coltrane nokon gong danna si eiga gruppe, skulle Tyner vera pianisten.[12]

Frå 1959 spelte han seks månader i The Jazztet med Art Farmer og Benny Golson, og spelte på debutalbumet til gruppa, Meet the Jazztet. På rundt denne tida hadde Coltrane forlate Miles Davis si gruppe og danna sin eigen kvartett, men fordi han var venner med Golson, nølte han med å be Tyner forlata The Jazztet. På oppfordring frå kona si, Naima, spurte Coltrane til slutt Tyner kva han ville gjera.[13]

John Coltrane Quartet

[endre | endre wikiteksten]
Mccoy Tyner i 1973.

Etter seks månader med The Jazztet blei han med i John Coltrane Quartet med Coltrane, Jimmy Garrison og Elvin Jones der han hadde ei berande rolle fram til 1965 og medverka på album som A Love Supreme (1964, Impulse!) og Crescent (1964, Impulse!). Elles deltok han på Joe Henderson sitt debutalbum Page One i juni 1963.

Etter Ian Carr si meining var John Coltrane Quartet den mest påverknadsrike kvartetten i jazzhistoria og gir Tyner ein stor del av æra for dette.[14] Tyner samarbeidde òg med saksofonisten Wayne Shorter for Blue Note Records, til dømes på albuma Night Dreamer (1964) og gav frå 1962 ut album under eige namn på platemerket Impulse! der Elvin Jones, Art Davis og Jimmy Garrison medverka.

John Coltrane Quartet turnerte nesten utan stopp mellom 1961 og 1965. Gruppa spelte inn fleire album som er blitt rekna som jazzklassikarar, som My Favorite Things (1961) for Atlantic Records og Coltrane "Live" at the Village Vanguard (1962), Ballads (1963), John Coltrane and Johnny Hartman (1963), Live at Birdland (1964), Crescent (1964), A Love Supreme (1964) og The John Coltrane Quartet Plays (1965) for Impulse! Records.[15] Særleg A Love Supreme er allment rekna som eit av dei største jazzalbuma nokonsinne.[16]

Medan han var medlem i Coltrane si gruppe spelte Tyner også inn eigne album som leiar, mellom anna trioinnspelingar, som debutalbumet hans Inception (1962). Seint i 1962 og i fyrste halvdelen av 1963 bad produsenten Bob Thiele Tyner om å spela inn meir rett-fram jazzalbum som leiar. Desse omfatta Reaching Fourth (1963), Nights of Ballads & Blues (1963), Today and Tomorrow (1964) og McCoy Tyner Plays Ellington (1965).[17]

Tyner opptredde også som sidemann på mange Blue Note Records-album frå 1960-talet, mellom anna klassiske innspelingar med Freddie Hubbard, Wayne Shorter og Joe Henderson. Han blei ofte kreditert som «etc.» for å respektera kontrakten hans med Impulse!.[8]

Tyner sitt samarbeid med Coltrane ende i 1965. Musikken til Coltrane var i ferd med å bli mykje meir atonal og fri; han hadde også utvida gruppa si med perkusjonistar som truga med å drukna ut både Tyner og Jones, som forlet gruppa året etter. Tyner sa: «Eg såg ikkje for meg at eg kunne bidra til den musikken... alt eg kunne høyra var mykje bråk. Eg hadde ikkje noka kjensle for musikken, og når eg ikkje har kjensler, speler eg ikkje.»[a] Alice Coltrane erstatta Tyner som pianist for gruppa.[19] Før dette hadde ikkje Coltrane nytta nokon annan pianist dersom Tyner ikkje var tilgjengeleg; han var den einaste pianisten som akkompagnerte Coltrane frå 1960 til 1965.[20]

Seinare solokarriere

[endre | endre wikiteksten]

I 1966 øvde Tyner i lag med ein ny trio og byrja ein karriere som bandleiar.[21] I byrjinga gjorde mangel på jamt arbeid til at han tenkte på å ta ein fast jobb for å støtta familien sin, og han forhøyrde seg om å bli taxisjåfør.[22] Etter kvart fekk Tyner etablert seg som levedyktig soloartist ved hjelp av ei rad post-bop-album som Blue Note gav ut mellom 1967 og 1970. Desse inkluderte The Real McCoy (1967), Tender Moments (1967), Time for Tyner (1968) med vibrafonisten Bobby Hutcherson, Expansions (1968) og Extensions (1970).

Frå 1966 turnerte McTyner som bandleiar og solist i sin eigen trio/kvartett i USA, Europa og Japan. På denne tida samarbeidde Tyner med Ike og Tina Turner, Jimmy Witherspoon og andre. I 1967 kom det epokegjerande albumet The Real McCoyBlue Note Records, med Joe Henderson, Ron Carter og Elvin Jones[23]

McCoy Tyner i 1981.

På starten av 1970-åra gjekk Tyner over til jazzprodusenten Orrin Keepnews sitt merke Milestone Records. Han utvikla eit særs godt samarbeid med Keepnews, som tidlegare hadde samarbeid nært med Thelonious Monk og Bill Evans.[24] Det fyrste albumet på dette merket, Sahara, gav han dei fyrste to grammynominasjonane hans og blei kåra til «Album of the Year» av DownBeat-meldarar.[25] Tyner spelte inn totalt 19 album for merket, som soloalbumet Echoes of a Friend (1972) vigd John Coltrane, Enlightenment (1973, med Azar Lawrence) og Song of the New World (1973) og Fly with the Wind (1976), begge med fløytisten Hubert Laws, ulike andre blåseinstrument og fullstendige strykeseksjonar.[26]

Tyner sine innspelingar for Blue Note og Milestone tok ofte musikken til Coltrane Quartet som utgangspunkt.[27] Tyner nytta også element frå afrikansk og austasiatisk musikk. På Sahara spelte han koto i tillegg til piano, fløyte og perkusjon. På trioinnspelinga Trident (1975), med bassisten Ron Carter og Elvin Jones, spelte Tyner cembalo og celesta, instrument ein sjeldan høyrde i jazz.[28] Til skilnad frå mange jazz-keyboardistar av sin generasjon nytta Tyner sjeldan tangentfjøl eller synthesizer. Han sa: «For meg har elektronsike instrument meir av ein kunstig klang. Eg kunne ikkje fungera kjenslemessig med dei.»[b]

I 1978 spelte han i Milestone Jazzstars med blant andre Sonny Rollins, Ron Carter og Al Foster. I 1982 spelte Tyner og fleire andre kjende jazzpianistar på minneinnspelinga Bill Evans: A Tribute (Avion Records). Han spelte ein 8 ½ minutt lang soloversjon av Evans sin «We Will Meet Again».[30]

På 1980- og 1990-talet spelte Tyner med ein trio som hadde Avery Sharpe på bass[31] og Louis Hayes,[32] og seinare Aaron Scott på trommer.[33]

I 1988 kom storbandproduksjonen Uptown/Downtown med Kamau Muata Adilifu, Howard Johnson, Robin Eubanks og Steve Turré. I 1989 gjekk Tyner tilbake til Blue Note og spelte inn Ellington-albumet Things Ain't That What They Used to Be (delvis i duo med George Adams og John Scofield). Han spelte også inn ein trilogi av solo- eller solo-med-gjestar-album for Blue Note, frå Revelations (1988)[34] til Soliloquy (1991).[35] Han spelte inn eit duoalbum med Bobby Hutcherson, Manhattan Moods, i 1993.

McCoy Tyner med Ravi Coltrane i 2005.

Etter to album for Impulse! gjekk Tyner over til Telarc. Mellom 1998 og 2003 spelte han inn eit album med latinomusikk, eit trioalbum med Stanley Clarke og Al Foster, eit soloalbum til ære for andre jazzpianolegender frå Earl Hines til Keith Jarrett, eit nytt album med Hutcherson og til slutt eit kvintettalbum, Illuminations, med Terence Blanchard og Gary Bartz. Dei siste tre albuma til Tyner blei spelte inn for McCoy Tyner Music under Half Note Records.[27] Desse omfatta Quartet, ei kvartettinnspeling med Joe Lovano, Guitars eit album med fleire gjestegitaristar frå Bill Frisell til Derek Trucks, og eit solokonsertalbum, Solo: Live from San Francisco.

McCoy Tyner i Jazz Alley i Seattle i 2012.

Tyner stoppa å spela inn musikk i 2007, 13 år før han døydde. Han heldt fram med å spela konsertar ei stund etter dette, men trekte seg så tilbake utan fanfare.[36]

Han døydde heime i Bergenfield i New Jersey, 6. mars 2020. Han var 81 år gammal.[37][3][38]

Musikkstil

[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til Powell-brørne var Thelonious Monk og Art Tatum tidlege inspirasjonskjelder, men han utvikla allereie i tida med Coltrane-kvartetten ein helt eigen og stilskapande identitet.

Den maksimalistiske spelestilen til Tyner utvikla seg i tett kontakt med Coltrane.[8][20] McCoy Tyner sin pianostil kan samanliknast med den maksimalistiske saksofonstilen til Coltrane.[39] Sjølv om han berre var medlem av Coltrane si gruppe, blei han aldri overskygga av saksofonisten; han komplementerte og inspirerte Coltrane si opne tilnærming.[39] John Coltrane lovprisa den særeigne stilen til Tyner:

...den største givnaden hans er ein melodisk innfallsrikdom, […] klårleiken til ideane hans. Han får fram ein svært personleg klang frå dette instrumentet og på grunn av dei klangklyngene [cluster] han brukar og måten han gir dei sitt eige preg, er sounden lysare enn ein kunne vente ut frå dei akkordmønstra han spelar. I tillegg har McCoy ein uvanleg godt utvikla formsans både som solist og akkompagnatør. I gruppa vår bygger han alltid sin eigen struktur for kvar låt.[c]

Coltranebiografen Bill Cole meinte at Tyner tidleg lukkast med å skape «ei syntese av Garland, Monk og Wynton Kelly»; «Han har ei sterk venstrehand og viste tidleg sin dugleik i å akkompagnere med svært oppfinnsame harmoniar».[40]

Kollegaen Richie Beirach la vekt på det stildannande elementet frå stride piano-stilen i Tatum-skolen:

McCoy tok stride-pianoet som sitt stilistiske hovudelement – med kvintane i bassen og akkordane i midten av klaviaturet. Det er kva eg kallar innovasjon, når ein tek noko frå fortida og arbeider det inn i samtidsvokabularet.[40]

Den tyske jazzbassisten og musikkskribenten Martin Kunzler analyserte Tyner sine nyvinningar:

Han frigjer harmonikken frå si tonikale formbinding. Han set funksjonsharmonikken opp mot eit nytt modalt […] grunngjeve harmonisk konsept. Omdanninga gir ei lineær toneorganisering i vertikalen og forlenginga av ho som gjer det mogleg for pianisten å skape eit betydeleg improvisatorisk frirom for seg og solistane.

Avery Sharpe, som spelte med Tyner i 26 år, sa om han:

Han kunne spela bak songarar, han kunne spela bak alle, fordi han var verkeleg svært følsam. Måten han kompa bak bassoloane mine var superfølsam. Samtidig kunne han spela alle av scenen om du ville ha han til å få opp energinivået. Eg har vore i situasjonar med fleire stjerner der alle fyrane har ego, men dei ville alle sjå over på McCoy og tenkja, «Han er toppen. Me er alle store utøvarar, men han er toppen.»[d]

McCoy Tyner reflekterte over rolla si i Coltrane-kvartetten:

Gruppa fungerte i første hand som ei lukka eining. Om eg no skulle trekke ut og analysere mi rolle i ho, kan eg eigentleg berre seie det var å vere orkesteret. Med andre ord: det var eg som måtte gi kvartetten klangfylde. Eller som John [Coltrane] brukte å seie det: tettleik og fulltonande klang. Nå kan jo faktisk eit piano behandlast som eit orkester, og det er nett det eg prøver. Eg gav kvartetten ein klang som stadig blei fyldigare, tettare, meir omfattande.[40]

I følgje Ian Carr har Tyner alltid spelt kompositorisk: han tenker framover mens han spelar og har samstundes eit ufeilande instinkt for augneblinken; når han kan improvisere og når han skal spele med i rytmegryppa for å gi solistane støtte. Carr reknar Tyner som ein av dei mest dynamisk spelande pianistane; i tillegg spelar han ikkje «fritt» men likar det tonale og kontrollerte. I ei samtale med jazzskribenten Joachim-Ernst Berendt sa Tyner at all musikk er «ei sjelereise inn i nytt, uutforska terreng. […] Eg forsøker derfor å høyre musikk frå mange ulike land, frå Afrika, India, frå den arabiske verda, europeisk klassisk musikk… Alle musikktypar er bundne saman.»[41] Tyner kommenterte det kraftfulle spelet sitt slik: «Du må bli eitt med instrumentet. Når du byrjar å lære eit instrument er det først ikkje anna enn eit objekt. Men så blir du og instrumentet ditt eitt.»[42]

Påverknad

[endre | endre wikiteksten]
McCoy Tyner i 2011.

McCoy Tyner påverka mange seinare pianistar med den karakteristiske sounden sin, til dømes Hal Galper, John Hicks, Henry Butler, Joanne Brackeen og Joachim Kühn.

Av Tyner sine mange komposisjonar blei særleg «You Taught My Heart to Sing» (1985), med tekst av Sammy Cahn, spelt av mange andre musikarar. Andre verk av han som er blitt spelte av mange andre artistar er «Aisha» (1961), «Inception» og «Effendi» (1962) og «Passion Dance», «Contemplation», «Search for Peace» og «Blues on the Corner», alle frå albumet The Real McCoy (1967).[43]

Songaren Rob Tyner i MC5 tok scenenamnet sitt etter Tyner.

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Tyner vann fem grammyprisar, alle relativt seint i karrieren sin: The Turning Point (1992) og Journey (1993) vann beggekategorien «Best Large Jazz Ensemble Performance», medan Blues for Coltrane: A Tribute to John Coltrane (1987), Infinity (1995) og Illuminations (2004) alle vann kategorien «Best Instrumental Jazz Album».[44]

Tyner blei utnemnd til NEA Jazz Master i 2002 av National Endowment for the Arts.[45] I 2004 blei Tyner innlemma i musikkmagasinet Down Beat sin «Hall of Fame».

Tyner blei tildelt eit æresdoktorat i musikk av Berklee College of Music ved Sala dei Notari under Umbria jazzfestival i 2005.[46] Han var også dommar ved dei 6., 10.,[47] og 11. årlege Independent Music Awards.[48] Steinway & Sons gav ein gullmedaljong til Tyner for dei 50 åra hans som Steinway-artist.[24]

Tyner blei gift med Aisha Saud då dei begge var i tenåra. Dei fekk tre søner. Ekteskapet ende i skilsmisse.[37][49][50]

Bror til McCoy Tyner, Jarvis Tyner, var viseformann for CPUSA, kommunistispartiet i USA.[51]

McCoy Tyner i Noreg

[endre | endre wikiteksten]
  1. I didn't see myself making any contribution to that music. ... All I could hear was a lot of noise. I didn't have any feeling for the music, and when I don't have feelings, I don't play.[18]
  2. To me, electronic instruments have more of an artificial sound. Emotionally I couldn't function on them.[29]
  3. Sitert frå Carr, s. 654. He gets a very personal sound from this instrument and because of the clusters he uses and the way he voices them, that sound is brighter than what would normally be expected from most of the chord patterns he plays. In addition, McCoy has an exceptionally well developed sense of form both als a soloist and an accompanist. Invariably in our group, he will take a tune and built his own structure for it.
  4. Milkowski, Bill (6. mars 2020). «In Memoriam: McCoy Tyner». Downbeat. Henta 2026-06-13. «He could play behind singers, he could play behind anybody, because he was really very sensitive. The way he would comp behind my bass solos was super-sensitive. But at the same time, he could just run everybody off the stage if you want to bring the energy level up ... . I've been in all-star situations where cats have egos, but they'll all look over at McCoy and go, 'He's the cat. We're all great players, but he's the cat.'»
  1. John Fordham: McCoy Tyner obituary, The Guardian 9. mars 2020
  2. «McCoy Tyner Biography». Mccoytyner.com. 11. september 2007. Arkivert frå originalen 9. mai 2008. Henta June 25, 2012.
  3. 1 2 Ratliff, Ben (6. mars 2020). «McCoy Tyner, Jazz Piano Powerhouse, Is Dead at 81». The New York Times. Henta 6. mars 2020.
  4. Waters, Keith (2015). «Tyner, (Alfred) McCoy». Grove Music Online (på engelsk). doi:10.1093/gmo/9781561592630.article.a2276732. ISBN 9781561592630.
  5. 1 2 Williams, Sonya (7. februar 1999). «McCoy Tyner: The Pianist» (på engelsk). NPR. Henta 3. januar 2021.
  6. 1 2 Chinen, Nate (6. mars 2020). «McCoy Tyner, Groundbreaking Pianist Of 20th Century Jazz, Dies At 81». NPR. Henta 7. mars 2020.
  7. Milkowski, Bill (6. mars 2020). «In Memoriam: McCoy Tyner». Downbeat. Henta 13. november 2022.
  8. 1 2 3 4 5 Collar, Matt. «McCoy Tyner». AllMusic. Henta 21. juni 2025.
  9. Heckman, Don (6. mars 2020). «McCoy Tyner, jazz piano legend who played with Coltrane, dead at 81». The Los Angeles Times. Henta 7. mars 2020.
  10. Aidi, Hisham (9. desember 2014). «Did Coltrane say 'Allah Supreme'?». Aljazeera.com (på engelsk). Henta January 3, 2021.
  11. Turner, Richard Brent (2003). Islam in the African American Experience. Indiana University Press. s. 140. ISBN 978-0-253-21630-4. Henta 25. juni 2012.
  12. Lyons, Len. The Great Jazz Pianists, Da Capo Press, 1983, s. 238.
  13. Lyons, s. 238.
  14. Carr s. 653.
  15. Larkin, Colin (27. mai 2011). The Encyclopedia of Popular Music. Omnibus Press. s. 271. ISBN 978-0-85712-595-8.
  16. Lewis, John. 1001 Albums You Must Hear Before You Die, Universe Publishing, 2005, s. 78.
  17. «McCoy Tyner: Ballads & Blues». Jazzwax.com. 18. juli 2017. Henta 8. mars 2020.
  18. Porter, John Coltrane: His Life and Music, s. 266.
  19. Jackson, Grant (28. februar 2014). «Alice Coltrane On Piano Jazz». NPR. Henta 21. juni 2025.
  20. 1 2 Linna, Sami (2019). McCoy Tyner, Modal Jazz, and the Dominant Chord (PDF). Sibelius Academy at University of the Arts Helsinki. s. 33. ISBN 978-952-329-140-9.
  21. Porter, John Coltrane: His Life and Music, s. 268.
  22. Lyons, s. 239.
  23. I Jazz Rough Guide skreiv Ian Carr at The Real McCoy er «eit av dei mest perfekte album på slutten av 1960-åra. Cook og Morton reknar det til McCoy Tyner sine beste verk og gir det beste karakter.»
  24. 1 2 «McCoy Tyner / NEA Jazz Master (2002)». Smithsonian Institution, 7. desember 2011. Vitja 20. juni 2025.
  25. «McCoy Tyner». Concord. Henta 21. juni 2025.
  26. «Fly with the Wind – McCoy Tyner | Credits». AllMusic.
  27. 1 2 Milkowski, Bill (16. juli 2024). «McCoy Tyner: Great Moments». JazzTimes. Henta 21. juni 2025.
  28. Yanow, Scott. TridentAllmusic
  29. Lyons, s. 246.
  30. Bill Evans: A Tribute, Avion Records AVCD-311, recorded 1982, released on CD in 1992.
  31. «Avery G. Sharpe | Music». music.williams.edu.
  32. Wilson, John S. (January 13, 1986). «Jazz: Mccoy Tyner's Trio Performs». The New York Times.
  33. «McCoy Tyner trio's Concert & Tour History | Concert Archives». Concertarchives.org.
  34. «Revelations – McCoy Tyner | Songs, Reviews, Credits». AllMusic.
  35. Cook, Richard; Morton, Brian (2008). The Penguin Guide to Jazz Recordings (9. utg.). Penguin. s. 1427. ISBN 978-0-14-103401-0.
  36. Whitehead, Kevin (10. mars 2020). «Remembering McCoy Tyner, A Jazz Legend Who Created His Own Style». NPR. Henta 22. juni 2025.
  37. 1 2 Schudel, Matt (6. mars 2020). «McCoy Tyner, titan of jazz piano who helped propel Coltrane quartet, dies at 81». Washington Post. Henta 3. januar 2021.
  38. «McCoy Tyner 1938 – 2020». JazzTimes. 7. mars 2020. Henta 2020-10-28.
  39. 1 2 Allmusic Biography
  40. 1 2 3 sitert etter Kunzler, s. 1206.
  41. Berendt/Huesmann, s. 376.
  42. sitert etter Berendt/Huesmann, s. 376.
  43. "McCoy Tyner / Works". SecondHandSongs.com. Vitja 20. juni 2025.
  44. «GRAMMY Awards Winners & Nominees for Best Instrumental Jazz Album». Recording Academy. Arkivert frå originalen 21. mars 2019. Henta 7. mars 2020.
  45. «McCoy Tyner». National Endowment for the Arts. 2002. Henta 7. mars 2020.
  46. «Hank Jones, McCoy Tyner, Enrico Rava Honored by Berklee College of Music at Umbria Jazz», Jazz News, 2005.
  47. «Independent Music Awards – 6th Annual Judges». IndependentMusicAwards.com. October 5. oktober 2009. Arkivert frå originalen October 5, 2009. Henta June 25, 2012. {{cite web}}: Check date values in: |date= (hjelp)
  48. "11th Annual IMA Judges. Independent Music Awards. Vitja 4. september 2013.
  49. «Remembering McCoy Tyner, the titan of jazz piano who helped to propel the John Coltrane Quartet». Independent.co.uk. 30. mars 2020. Arkivert frå originalen den 12. mai 2022.
  50. Lyons, s. 236.
  51. Ratliff, Ben (29. august 2010). «McCoy Tyner Honors Charlie Parker at Marcus Garvey Park». The New York Times. Henta 22. september 2018.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: McCoy Tyner